Hopp til innhold

Såg jerv i Leikanger

Hermund Kleppa er sikker på at han såg ein jerv nede ved fjorden i Leikanger i vår.

I jervens rike

Illustrasjonsbilete.

Foto: Picasa 2.6

– Vi var to stykkjer som såg eit brunt dyr som plutseleg bykste ut i vegen like ved fruktlageret i Leikanger. Vi tenkte lenge på kva dyr dette kunne vere, og bestemte oss for at jerv var den einaste moglegheiten, fortel Kleppa.

Observasjonen skjedde i månadsskiftet april/mai.

– Langt ned i bygdene

Saka er no sendt til Statens Naturoppsyn. Ansvarleg for denne typen saker i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, fortel at det var observasjonar av jerv óg i Kaupanger i same periode.

Han seier at observasjon av jerv nede ved fjorden på våren er uvanleg, men at den kan kome langt ned i bygdene.

– Om det er dyrekadaver og annan mat dei søkjer etter, kan dei kome ned til der folk bur, seier Golf.