Hopp til innhold

Havet vil stige

Delar av kystbefolkninga i fylket risikerar å måtte flytte. I løpet av hundre år kan vasstanden bli ein meter høgare enn kva den er i dag.

Høg vasstand på Øyrane

Illustrasjonsfoto

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

- I verste fall må ein flytte frå lågtliggjande områder i fylket.

Det sa miljøminister Erik Solheim då han vitja Sogn og Fjordane i dag.

Høgare vasstand og meir flaum

Samstemte forskingsrapportar frå fagfolk i Noreg, syner at havet vil stige som følgje av global oppvarming.

Kor mykje havet stig vil variere, men for dei fleste stader vil det vere mellom ein halv og ein meter, seier Solheim.

Miljøministeren seier vi må rekne med meir ekstremvær i åra som kjem.
Det blir både varmare vær og meir nedbør. Om det kjem mykje nedbør i løpet av ein kort periode aukar sjansen for flaum, seier han.

- Kommunane må planleggje

Solheim seier at kommunane må planleggje kvar dei plasserer bustads- og næringsområde. Det må også byggjast flaumvern, seier Solheim.

- Dei må basere seg på kunnskapen om kor det vil vere flaum i ein ekstremsituasjon. Sterk straum kan ta med seg bygg og leggje områder øyde.

- Vi må auke merksemda

Førde er ein av stadane i fylket som kan få problem om havet stig, seier Solheim.

- I dag byggjer vi stort sett ikkje lavare enn to og ein halv meter over havet. Vi har med andre ord litt å gå på i forhold til 100-års scenariet som Solheim snakka om i dag, seier plansjef i Førde kommune Reidar Hatlebrekke.

Han vedgår likevel at dei må ha større fokus på høgare vasstanden i åra som kjem.

- Dette må vi ta inn i reguleringsplanen frå 2010 og framover, seier Hatlebrekke.