Hopp til innhold

GPS-sendar på dement pasient

Ein sjukeheim i Sogn og Fjordane får lov til å feste ein GPS-sendar på ein dement pasient.

GPS
Foto: Stein Hage, NRK

Grunnen er at dei er redde for at han skal gå seg vekk.

Likar å gå tur

Fylkeslege Petter Øgar seier dette var eit vanskeleg spørsmål å vurdere, men han har gitt sitt samtykke til GPS-sporinga.

- Dette er ein eldre senil mann som er fysisk sprek og som heile livet har likt å gå ute og som framleis likar å gå på tur. Problemet er at han ikkje like lett finn heim, og sjukeheimen er engsteleg for at han skal rote seg bort.


Øgar vil ikkje fortelje kva kommune det dreier seg om fordi han vil verne om anonymiteten til pasienten. Spørsmålet er likevel behandla hjå fylkeslegen.

Kan sjå kvar han går

Konklusjonen er at sjukeheimen får lov til å feste ein GPS-sendar på pasienten, som no bur i ei skjerma eining, slik at dei kan sjå kvar han er og spore han opp dersom han ikkje kjem tilbake etter turane sine.

- Det er iallfall eit instrument slik at dei kan vite kvar han er. Argumentet for å gjere det er at han skal få lov å halde fram med gangaktiviteten som han tydelegvis set stor pris på.

- Reduksjon i livskvaliteten

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Både mannen sjølv og hans pårørande har gitt samtykke til denne løysinga. Fylkeslege Petter Øgar er redd alternativet ville vore at mannen hadde vorte sitjande innandørs i langt større grad enn i dag.

- På sjukeheimane har dei avgrensa med personellressursar, og på dei fleste sjukeheimane i fylket ville det ikkje vere mogeleg at nokon av dei tilsette kunne fylgje han rundt på desse lengre spaserturane. Då ville alternativet fort vere at han ikkje fekk gå på turane sine. Det ville i så fall vere ein reduksjon i livskvaliteten hans.

Reint tryggingstiltak

Det ligg likevel ei klar føring i fylkeslegen si velsigning av GPS-sporinga. Dette skal ikkje definerast som medisinsk overvaking, berre som eit reint tryggingstiltak.

- Vi oppfattar ikkje denne GPS-bruken som eit helsetiltak, men som eit sikringstiltak. Helsepersonellet på sjukeheimen må heile tida gjere ei vurdering om det er forsvarleg at denne mannen ruslar omkring ute. Dei må t.d. vurdere om han kan rote seg vekk i trafikken eller i naturen slik at han kan kome til skade på ein eller annan måte.

- Ikkje tvangsmiddel

- Når de no definerer dette som eit sikringstiltak og ikkje eit helsetilstak, har de då definert dykk vekk frå ei restriktiv lovgjeving?

- Det er ikkje grunnlag for å bruke dette som eit tvangsmiddel, for vi er ikkje i ein tvangsposisjon her. Som tvangsmiddel vil det ikkje vere lov å bruke det, då er argumentasjonen knytt til personvern. Eg har vondt for å sjå at ein GPS-sendar er meir inngriping i personvernet enn om personen skulle ha vore fotfylgd av ein pleiar rundt på spaserturane sine.

- Ventar du at det kan kome reaksjonar på denne vurderinga?

- Eg ventar det ikkje, men eg ser ikkje bort frå det.