I sommar kjem rovviltkonsulentane i fleire fylke til å samarbeide tett for å overvake om fleire bjørnar legg turen vestover i Sør- Norge, skriv avisa Firda.
Har etablert nettverk
Folk som ferdast i fjellet blir bedne om å melde frå, om dei ser spor eller felte dyr.
- Vi kan ikkje utelukke at det kjem nytt bjørnebesøk, seier Rein Arne Golf, som er regionalt rovviltansvarleg for Statens Naturoppsun i Sogn og Fjordane.
Eit nettverk av rovviltkontaktar er etablert for å følgje opp spormeldingar og eventuelle funn av kadaver.
Hanndyr på streif
Bjørnestammen i aust har auka, spesielt i Sverige, og det kan få konsekvensar i Sogn og Fjordane. I følgje Golf vil det vere hanndyr som streifar åleine som kan komme vestover.
- Ungbjørnar vandrar vidt etter nye leiteområde og søkjer langt meir utover enn binnene, som gjerne held seg i nærområdet sitt, seier Golf.
I fjor vart det felt ein bjørn i Sogn og Fjordane. Det er den første på flere tiår.