Hopp til innhold

- Freist kikkaren i oss!

Anne Viken meiner marknadsføringa av fylket er full av klisjear.

Anne Viken.

Anne Viken

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Dei som skal marknadsføre fylket må appellere til kikkarmentaliteten til folk. Eg har til dømes fleire treff på min blogg enn ei næringslivsmesse har besøkande i løpet av eit år, seier Viken.

Lokkar turistar, ikkje flytteklare

I tidsskriftet Syn og Segn skriv ho at marknadsføringa framstår som lite unik og kommersiell.

- Eg var på ei næringslivsmesse i Oslo, og der vart vi møtt med eit regn av klisjear frå scena frå Sogn og Fjordane. Fjell, sauer, smale vegar og andre klisjear, seier Viken.

- Kva konsekvensar får det?

- Det som slo meg var at det vert veldig enkelt og overfladisk. Det vert store ord og enkle historier. Ein del politiske parti brukar den strategien, men spørsmålet er om det er ein truverdig strategi. Trur folk at Sogn og Fjordane er ein liten stad der ein kan starte ein gard eller bli designar ved ein idyllisk fjord? Er den klisjeen sann? spør Viken.

Fokuser på det unike

Ho seier grunntanken med ein klisje er at den skal vere sann, og ho stiller spørsmål om markandsføringa berre vert eit show.

- Eg veit ikkje om det fungerer. Men eg skreiv ein kommentar på at fylket må marknadsføre seg med det unike som finst, påpeiker ho.

Ho trekkjer fram at alle veit at det er fjell og fjord i fylket, og at Innovasjon Norge er her.

- Om det fungerer er det kjempeflott. Eg meiner ikkje at det er motsetningar i å bruke kommersiell markandsføring og det reelle livet.

- Bruk internett!

Viken seier ho har kome med forslag om at fleire må ta i bruk internett for å marknadsføre fylket.

- Lag ein bloggportal med ein oversikt over dei som finst i Sogn og Fjordane. Få fram enkeltpersonane i lokalmiljøet som kan fortelje om kva som skjer i deira kvardag, oppmodar Viken.

- Du seier at markandsføringa er lite unik. Korleis ville du jobba?

- Vi må kome under klisjeane, og fortelje om det folk er opptekne av her.

- Alle veit om naturen

- Er det ikkje naturleg å bruke naturen i markandsføringa?

- Det er ikkje nokon som ikkje veit at det er flott natur i Sogn og Fjordane. Det er heller ingen som lærer noko av å høyre om Innovasjon Norge og fylket. Dei som held på med marknadsføringa må spørje seg kven dei vil nå. Er det turistar må dei halde fram med det dei gjer, men eg trur ikkje det fungerer for å få folk til å flytte til fylket.

Høyr debatten mellom journalist Anne Viken og banksjef Arvid Andenæs.