Hopp til innhold

Ambulansefag for vaksne

Høyanger vidaregåande skule får ambulanseutdanning som vaksenopplæring.

Høyanger vidaregåande skule
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det vedtok hovudutvalet for opplæring med seks mot to røyster måndag.

Helsefagutdanning lagd på is

Gunnvor Sunde
Foto: NRK

Planane om ei delt line for utdanning av helsefagarbeidarar og ambulansepersonell er dermed lagde på is, seier leiaren i hovudutvalet, Gunnvor Sunde.

- Vi satsar på å få til eit vaksenopplæringstilbod, for Helse Førde treng faglærde på ambulansane. Dei har eit krav på seg om å få det til i 2010.

For få læreplassar

Planane om ei delt line med utdanning av helsefagarbeidarar og ambulansepersonell i Høyanger rakna. Det viste seg m.a. at Helse Førde ikkje kan stille med fleire læreplassar i ambulansefag enn dei har hatt til denne tid. Helseføretaket har i tillegg mange i ambulansektoren som manglar fagopplæring.

Opp til skulen og Helse Førde

Difor vedtok hovudutvalet for opplæring mot røystene til SV og Frp eit vaksenopplæringstilbod i Høyanger. Dei to som røysta imot meiner at fylkesutvalet burde avgjere denne saka,der det no vert opp til Helse Førde og Høyanger vidaregåande skule å avgjere kor mange som skal få dette vaksenopplæringstilbodet til hausten.

Få søkjarar

- Utdanninga i helsefag for ungdom var vanskeleg å få til fordi det var så få som hadde søkt. Så har vi eit godt kompetansemiljø innan helsefag i Høyanger som vi ikkje har lyst å misse, difor valde vi eit vaksenopplæringstilbod.

- Korleis skal dette finansierast?

- Det er vaksenopplæringmidlar. Helse Førde stiller med materiell.

- Er dette ei fullgod løysing?

- Vil berge kompetansen

- Ikkje fullgod, men når det ikkje var nok søknader ynskjer vi å berge kompetansen, og vi har eit arbeidsgjevaransvar for dei tilsette, og vi håpar at vi hausten 2010 igjen kan tilby helsefagarbeidarutdanning i Høyanger.