Fredag vart det skote ein hannjerv i Lærdal. Laurdag vart ei vaksen tispe og to tispekvelpar avliva i eit hi i Luster.
Til saman har Statens Naturoppsyn skote 11 jerva i indre Sogn, sju vaksne dyr og fire kvelpar.
Fann hi i Mørkridsdalen
- I går vart det oppdaga noko som kunne vere yngling i Mørkridsdalen i Luster. Då fatta vi eit munnleg vedtak om å ta ut tispa og kvelpane, og det vart gjort i føremiddag, seier Knut Morten Vangen, seniorrådgjevar i Direktoratet for Naturforvaltning.
Han kan ikkje utelukke at det vert skotne fleire jervar i indre Sogn.
- Vi har felt eit høgt tal dyr. Registreringa av ynglingar pågår enno, så det blir ei fortløpande vurdering framover, seier han.
Vanskeleg å finne spor
Onsdag vart det teke ut
.Registreringa av spor pågår så lenge det er forhold for det. Men i følgje Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn er det no vanskelege forhold for å leite etter spor i fjellet.
- Vi driv overvaking av jerv, men det er ikkje aktuelt å vere så veldig aktive i feltet. Vi kjem til å vere mindre aktive til vi får betre sporingsforhold, seier han.