Hopp til innhold

Jaktar tre jervar i Indre Sogn

Direktoratet for naturforvaltning har gjeve ekstraordinært løyve til å felle inntil tre jervar i Indre Sogn.

Jerv

Illustrasjon

Foto: BBC

Jaktperioden er frå no og fram til 3. april.

- Det har ikkje vore felt jerv under den ordinære lisensjakta i området, og vi ynskjer å forhindre ytterlegare skade, seier seniorrådgjevar Knut Morten Vangen ved Direktoratet for Naturforvaltning (DN).

Gjer meir skade

Det vart gjeve løyve på seks jerv for heile region 1 under lisensjakta i år. Men då den enda resultatlaus, gav DN ekstraordinært løyve for felling av tre jerv i Indre Sogn. Løyvet gjeld delar av Lærdal, Årdal og Luster.

- Verifiserte skadar gjort av jerv auka i Sogn og Fjordane frå 2007 til 2008. I fjor vart det erstatta kring 400 sau og lam, mot kring 270 dyr året før, seier Vangen.

Siste yngling i 2007

Den ekstraordinære jakta blir gjennomført av Statens Naturoppsyn mellom anna ved hjelp av helikopter. Vangen seier at jerven frå tid til annan har yngla i Indre Sogn.

- Siste verifiserte yngling var i 2007, men vi veit at det er ynglingar på opplandsida, og at det er streifdyr som tek turen innom Sogn, seier han.

Må gjere ny vurdering

I fjor vart det felt to jerv ved ekstraordinært uttak. Vangen utelukkar ikkje at jakta kan bli utvida i år, dersom den blir resultatlaus.

- No er det gjeve løyve som gjeld fram til påske, så får vi gjere ei ny vurdering om desse dyra ikkje er felt, seier han.