Hopp til innhold

Gloppen legg ned tre skular

Mot to røyster gjekk formannskapet i Gloppen inn for å legge ned Vereide, Rygg og Reed skular frå hausten 2009.

Reed skule i Gloppen

Får politikarane det som dei vil, blir Reed skule gjort om til barnehage frå hausten av.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Måndag fattar kommunestyret endeleg vedtak i saka.

- Det var skuffande, men som venta. Det har sige innover oss over tid no, så vi er godt budde på at skulen blir lagd ned frå kommunen si side, seier leiar i foreldrerådet ved Rygg skule, Petter Olav Rygg.

LES OGSÅ: Gloppen-skular berga for no

Sju mot to

Vedtaket torsdag ettermiddag vart fatta med sju mot to røyster. Berre Solveig Moritsgård (Sp) og Olav Klungre (KrF) røysta mot.

Vedtaket betyr at elevane ved Rygg skule skal overførast til Sandane, medan elevane frå Vereide må til Austrheim skule. Vidare skal elevane ved Reed skule til Byrkjelo, der skulen skal få namnet "Breim skule". Eit opprop på internett har samla 387 underskrifter mot nedlegginga av grendaskulane.

Privatskule

På Rygg innser foreldrerådsleiaren at slaget for å behalde den kommunale skulen ser ut til å vere tapt. Dei har allereie sett i sving ei arbeidsgruppe som skal jobbe for ein privatskule. Han trur ikkje det er meir å hente ved halde fram arbeidet mot politikarane.

- No er det ikkje før måndag det blir endeleg vedteke, men eg trur ikkje det er så mykje meir å oppnå. Det har vore sagt så mykje i media, at eg trur dei fleste har gjort seg opp kva dei vil stemme, seier han.

Eige framlegg i Breim

Samarbeidsutvalet ved Reed skule har presentert sitt eige framlegg for ny struktur for barnehage og skular på Reed og Byrkjelo. Måndag aksjonerte dei for å behalde skulen sin .

- Vi ynskjer å ha felles skule og felles barnehage, men at det skal vere barnehage både på Byrkjelo og Reed. Begge sentera skal ha skule; 1.-4. klasse på Reed og 5.-7. klasse på Byrkjelo, seier Per Svein Reed, ein av initativtakarane til aksjonsgruppa på Reed.

Rygg skule

No skal det vurderast om Rygg skule skal byggast om til omsorgsbustadar.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Er det naudsynt

Reed rosar både administrasjon og politikarar for å handle i ei tid der kommunen slit med økonomien. Han trur omlegginga, i alle fall i Breim, vil føre til store ombyggingskostnadar.

- Men den generelle haldninga er at ting har gått enormt fort. Dessutan lurer vi på om det er fornuftig å plassere 140 elevar på Byrkjelo skule, ein skule som nett var bygt og innvia for 100 elevar. Det er mykje som må gjerast, og det blir kostbart. Spørsmålet er om det er naudsynt når vi har ein velfungerande skule på Reed, seier han.

Legg ned barnehagar

Formannskapet gjekk også inn for å samle barnehagane i Breim, og å leggje barnehagen på Byrkjelo ut for sal. Nedlagt blir også Teina barnehage. Borna ved dei to barnehagane skal flyttast til det som i dag er Reed skule.

Barnehagen på Reed skal byggast om til omsorgsbustadar. Når det gjeld barnehagen på Austrheim, vil formannskapet seie opp leigeavtalen. Den private barnehagen vil i staden kjøpe lokala dei i dag disponerer. Dette blir greia ut til kommunestyret måndag.

Politikarane semja også om å seie opp avtalen med Austrheim barnehage.

Måndag vil politikarane også avgjere om Austrheim og Sandane skular skal samlast under ei leiing, med namnet Gloppefjorden skule.