Hopp til innhold

Fryktar beitenekt

Sauebønder i Luster fryktar beitenekt i sommar på grunn av store rovdyrproblem.

Sau drept av jerv

Sau drept av jerv. Illustrasjonsbilete.

Foto: Ola Langli i Rindal

Sauebonde Kjetil Rud seier at han og samdrifta miste 20 dyr på beite i fjor sommar.

- Eg tykkjer det er heilt urimeleg at vi skal verte pålagt beitenekt i eit beiteprioritert område. Men vi har frykta beitenekt lenge, spesielt etter tapa i fjor sommar, seier Rud.

Store tap

I fleire år har det vore store rovdyrproblem for sauebøndene i indre Sogn. Hovudsakleg gjeld det jerv, men det er også innslag av bjørn og gaupe. Det er rovdyrskadane som gjer at Mattilsynet no vurderer å krevje beitenekt i dette området til sommaren, seier Kåre Rudningen.

- Grunnen er at vi i fjor hadde uakseptable tap på grunn av jerv i ein del beiteområde. I det siste har vi dessutan fått melding om mange sporobservasjonar, seier Rudningen.

Spora syner at det er mykje rovdyr i området på halvøya mellom Årdalsfjorden og Lustrafjorden, og i Luster kommune mellom Jostedalen og fylkesgrensa.

Økonomiske konsekvensar

Sauebonde Rud meiner beitenekt vil få store økonomiske konsekvensar for sauebøndene, og seier det i staden må brukast meir ressursar på jervejakt.

- Beitenekt vil få store konsekvensar, då må vi ha sauene heimatt tidlegare, og vi må ha dei på innmarksbeita. Då bruker vi opp vinterforet vårt på det. Det vert ikkje god økonomi i sauehaldet då, det går ikkje å drive slik i lengda, seier Kjetil Rud.

I februar i år kravde Bondelaget i fylket felling av fem jerv, sidan det ikkje vart felt jerv under lisensjakta i vinter.

Rud meiner at ansvaret ligg hjå forvaltinga.

- Sidan dette er eit beiteprioritert område må ein få teke ut jerv. Vi må gjere noko, sauene kan ikkje gå i lag med rovdyra, seier sauebonde Rud.