Hopp til innhold

Postkort for vern

Startar postkortaksjon for verne mellom anna Erdalselvi og Gjengedalsvassdraget.

Gjengedalsvassdraget

Naturvernforbundet vil verne heile Gjengedalsvassdraget.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fire natur-og friluftsorganisasjonar sender i desse dagar 1000 postkort til politikarar på Stortinget, fylkesting og i kommunane.

Oppmodinga er at dei sist urørte vassdraga må vernast mot kraftutbygging.

Vil verne seks vassdrag

Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet seier at det er viktig at dei siste urørte vassdraga no blir verna mot kraftutbygging.

- I 2001 heldt statsminister Jens Stoltenberg ein nyårstale der han sa at tida for dei store vasskraftsutbyggingane var forbi. Likevel ser vi eit sterkt press mot den unike norske vassdragsnaturen, seier Lars Haltbrekken.

Målet er å få verna seks vassdrag i Noreg mot kraftutbygging. To av desse, Erdalselvi og Gjengedalsvassdraget, ligg i Sogn og Fjordane.

Gjengedalsvassdraget er allereie delvis verna, men Naturvernforbundet synest ikkje dette er godt nok. Dei fryktar at utbygging av planlagde vasskraftsprosjekt i nedre del av elva, dersom ikkje heile elva vert verna.

Må få erstatning

Men grunneigar Nils Magne Gjengedal i Gloppen seier Gjengedalsvassdraget er godt nok verna allereie, og seier kraftutbygging kan vere eit vere eller ikkje vere for bønder. Bøndene ser stadig etter nye måtar å utvikle bruka på, og småkraftverk er eit alternativ for mange.

Han meiner at slike minikraftverk ikkje vil skade vassdragsnaturen. Gjengedal meiner ei løysing kan vere at Naturvernforbundet må betale bøndene erstatning for dei ville ha tent på utbygging av kraftverk.

- Då lyt Nautrvernforbundet gje oss årleg det vi taper på at det ikkje vert utbygging, seier Gjengedal.

Negative til meir vern

Anders Ryssdal, ordførar i Gloppen, meiner Gjengedalsvassdraget alt er nok verna.

- I Gloppen er 36,3 % av arealet er allereie verna. Det er svært uheldig om vernet no også skulle omfatte fallrettane.

Ryssdal trur at kommunen likevel kan profilere seg som ein naturkommune, sidan vasskraft er eit miljøvenleg alternativ. Rygg-vassdraget i Gloppen er verna og ordføraren meiner at det er gjort ei god vurdering på kva vassdrag som bør vernast. Ordføraren er oppteken av at dei bur i kommunen der må kunne utnytte ressursane som finst.

Haltbrekken i Naturvernforbundet synest kommunen i staden bør ta sikte på å utvikle næringsliv som ikkje er i strid med verneinteressene.

- Det er aukande etterspurnad etter urørt natur, og dei vil kunne tiltrekke seg turistar, meiner Haltbrekken.