Hopp til innhold

- Trur på meir gaupe i fjordfylket

Gaupa har til no vore eit sjeldan syn i Sogn og Fjordane, men med aukande bestand kan den bli ein stadig hyppigare gjest.

Gaupe skota i Loen.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Gaupebestanden er i vekst og i går vart den første gaupa felt i Stryn . Hanndyret på kring 20 kilo er også den første gaupa på kring 30 år i Sogn og Fjordane .

- Stor sjanse for meir gaupe

Regionansvarleg for rovvilt i Statens Naturoppsyn, Sverre Tveit, seier bestanden er i vekst og at den då vil spreie seg. Det nasjonale bestandsmålet på 65 årlege ynglingar vart nådd for 2008, og berre ein gong tidlegare er det påvist fleire familiegruppar enn i fjor.

- Når bestande veks i andre delar av landet, så er det mykje større sjanse for at det blir meir i Sogn og Fjordane, seier han.

Vandra mange mil

Men politikarane har bestemt at det ikkje skal vere rovdyr i Sogn og Fjordane. Her i fylket er det difor inga kvote i gaupejakta som pågår i desse dagar. Også Jan Ove Hogrenning, jegeren som felte gaupa på søndag , trur det kan bli hyppigare gaupejakter i fylket.

- Den kan nok skje med jamne tidsrom. Berre i løpet av dei to døgna vi har følgd den gaupa her, så har den vandra mange, mange pil per natt, seier han.

Jaktlaget i Loen samla etter at gaupa var felt.

Representantar frå jaktlaget som i helga følgde spor og felte ei gaupe i Loen.

Foto: Arne Vik

- Ikkje greitt

Sjølv om gaupebestanden er i vekst, meiner Siri Martinsen i Noah at det ikkje er greitt å felle gauper.

- Det er ikkje greitt at vi skal forfølgje ville dyr og skyte dei så fort dei blir ein meir enn det vi har sett opp på eit papir at dei skal vere, seier ho og er glad for at gaupebestanden er i vekst.

- Ei skam for Norge

Martinsen vonar at ein kan kome fram til ein politikk som tillet gauper også i Sogn og Fjordane i framtida. Ho etterlyser andre tiltak enn skytevåpen for å skåne både ville og tamme dyr .

- Det er på tide at norske styresmakter viser at ein kan ha ein større toleranse og vise større kreativitet i høve til å løyse problem som kan oppstå mellom menneske og ville dyr. Det er ei skam for Norge at vi driv ein slik rovdyrpolitikk, seier ho.