Hopp til innhold

NOAH rysta over gaupefelling

- Det er nok eit uttrykk for den ganske ekstreme politikken vi i Norge fører for dei ville dyra som bur i skogen vår, seier pressekontakt Siri Martinsen i NOAH.

Siri Martinsen i NOAH.

Siri Martinsen i NOAH

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Eit jaktlag i Loen felte søndag den første gaupa på kring 30 år i Sogn og Fjordane .

- Absurd jarnhand

Det er det siste året gjort fleire observasjonar av gaupe i området. Kvotejakta på gaupe starta 1. februar, men Sogn og Fjordane er mellom fylka der denne jakta er kvotefri . Under beitesesongen har ikkje bøndene kunne påvise store gaupeskader, men jegerane seier dei ville vere "føre var" .

- Det er heilt absurd at ein skal ha den type jarnhand kring rovdyr vi har i dag. Vi ser at dyr som vandrar over dei grensene vi har sett, blir skotne. Det vitnar om ein veldig nulltoleranse ovanfor dei ville dyra, seier Siri Martinsen i NOAH.

- Tragisk

- Det er klart at når tamme dyr som i generasjonar har blitt avla opp til å produsere mykje kjøt og ull, blir forsvarslause når dei blir sett ut og overletne til seg sjølve. Det er veldig tragisk både for desse og for ville dyr som også er ute etter å overleve, seier Martinsen.

Ho meiner at jakta ikkje skuldast konflikt mellom dyr, men ein konflikt mellom næringsinteresse og både dyrevern og miljøvern.

- Må finne andre løysingar

- Det er næringsinteresse som er årsak til at tamme dyr ikkje får den beskyttelsen som dei treng både frå rovdyr og sjukdom når dei er på beite. Det er også desse som er skuld i at vi nærast har utrydda enkelte av våre rovdyr, seier Martinsen.

Ho meiner ein bør finne andre tiltak for å løyse problema, enn å ty til skytevåpen.

Omstridd tema

Gaupebestanden skal dei siste åra ha vakse til mellom 430 og 450 dyr. I landet er det i år opna for felling av 119 dyr, men jakta blir stogga dersom det blir felt meir enn 61 hogauper.

Jakta er omstridd og i januar i år klaga Norges Naturvernforbund i Nord- og Sør-Trøndelag, samt Møre og Romsdal, inn vedtaket om utvida gaupejakt. Dei meiner at det i deira område er sett ei alt for høg totalkvote og hodyrkvote. Dei bad Miljøverndepartentet gripe inn og senke kvota.