Hopp til innhold

Første gaupa på kring 30 år

Gaupa som søndag vart felt i Loen, er den første på kring 30 år som er felt i fylket.

Det skjedde på slutten av 70-talet i Fortun.

- Men det er vanleg med observasjonar. Først og fremst i Indre Sogn, men også med jamne mellomrom andre stadar i fylket, seier rådgjevar på miljøvern, Hermund Mjelstad, ved Fylkesmannen.

- Fleire sporobservasjonar

Det er for tida kvotejakt på gaupe, men denne jakta er kvotefri i Sogn og Fjordane . Etter det Mjelstad kjenner til, blir det jakta i Fjaler, Leikanger og Luster i tillegg til jakta i Stryn.

- Det er registrert fleire spor i det siste. Mellom anna for ei veke sidan vart det observert spor av det dei meiner er gaupe i Leikanger. For to veker sidan var synsobservasjon og sett spor av det som er gaupe i Flåm, fortel han.

- Aldri godt å vite

Jegerane i Loen fortel at dei så langt ikkje har kunne påvise at gaupa har gjort skade på småfe i beitesesongen, men at gaupa vart felt for å vere "føre var" . Sogn og Fjordane er mellom fylka som skal vere utan fast gaupebestand.

- Den skal ha lov til å vere på tur, men det er aldri godt å vite. Vi har ikkje kunne påvise mykje skader av gaupe i fylket. Det har gjerne vore mest i Leikanger, Sogndal og Luster, seier han.

- Kan gå veldig langt

På opplandssida av Strynefjellet er gaupe eit vanleg dyr i naturen. I dag følgde jaktlaget i Loen gaupespora i kring to kilometer .

- Gudbrandsdalen har i mange år hatt gaupe fast. Derifrå er det ikkje så langt for gaupa å vandre til Stryn. Den har ingen problem med å vandre opptil fem mil på ein dag. Den er ganske aktiv, seier han.

Legg ut på vandring

- Skilnaden er at den på opplandssida lev ganske mykje av rådyr. Der treng ein ikkje å gå så langt for å finne, men finn den ikkje mat så legg den ut på vandring, fortel Mjelstad.

På Austlandet er den også lettare å felle sidan terrenget er langt flatare enn på Vestlandet. Det er også betre utbygt skogvegnett.

Profesjonelle gaupejegerane frå Trysil, Jostein Nordgaard og Ronny Hammer, med hundane deira "Tiger" og "Rurik", deltok i jakta.