Hopp til innhold

- Gaupa sprang rett mot meg

Jan Ove Hogrenning vart den første jegeren i moderne tid til å felle ei gaupe i Stryn kommune. Gaupa vart felt ved Saubruna, like ovanfor bygda Loen.

Jan Ove Hogrenning med gaupa han felte i Loen.

- Ting skjer så fort, at du rekk ikkje å få puls, fortel jeger Jan Ove Hogrenning.

Foto: Arne Vik

Den store hanngaupa er den første som er felt på kring 30 år i fylket . Den vart felt i Luster.

- Den sprang rett mot meg, men slakka av då eg plystra på den. Den var om lag 30 meter frå meg då eg felte den. Det er ein optimal avstand for rifle med kikartsikte, fortel Jan Ove Hogrenning.

Hundar dreiv fram

Jaktlaget i Lodalen har i helga følgd spora til gaupa . Søndag følgde dei gaupa si vandring mellom 1,5 og to kilometer i bratt terreng mot Loen sentrum. Gaupa snudde og la seg i Nokre få kilometer frå Alexandra Hotel vart dei merksame på at den hadde lagt seg til i terrenget. Det var hundar som dreiv fram gaupa.

- Vi stadfesta at den låg på eit avgrensa område der vi fekk plassert folk på begge sider. Eg sat ved ei bru der ho hadde kryssa tidlegare, fortel Hogrenning.

Gjekk i sine eigne spor

- Det er ofte slik at den trekkjer attende mot den einaste ruta ho kjenner seg trygg. Det er som regel den ruta den kom ifrå. Ho kom mot meg i sine eigne spor, held Hogrenning fram. Hanngaupa kryssa brua i grålysninga.

Hogrenning fortel at jaktlaget følgde hundane med GPS. Hundane vart sleppt ved dei ferskaste spora og fekk allereie etter 300 meter kontakt med gaupa. I det bratte terrenget mista dei likevel kontakt med gaupa ved fleire høve.

Nær busetnad

Hogrenning fortel at gaupa har vandra nær busetnad. Den skal også ha skaka opp hjorten.

- Den har trakka her i to døgn og har ved fleire høve vore på innmark og har kryssa både vegar og elvar. Under sporinga var vi heilt fram til kyrkja, seier han. No skal gaupa stoppast ut.

Det er for tida kvotejakt på Gaupe i Norge , men i Sogn og Fjordane er jakta kvotefri. NOAH er rysta over gaupefellinga .

Kommentarfeltet er stogga på grunn av ei rekkje sjikanerande innlegg.