Hopp til innhold

Opnar for bjørnejakt

- Dersom streifbjørnen drep fleire sauer i Sogn og Fjordane bør ein sterkt vurdere å skyte han, seier fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.

Rovdyret, som truleg er ein ung hannbjørn, har teke livet av ni sauer i Sogn og Fjordane siste tida. Sauene er drepne i Fjærland, Gaular og no sist i Jostealen.

- Viss denne bjørnen gjer større skade på eit avgrensa område, så er det aktuelt å gje skadefellingsløyve. Vi avventar situasjonen dag for dag. Vi er urolege for kva som kan skje, men vi ser at bjørnen kan vere på veg austover. Vi får at det og er tilfelle, seier Yndesdal.