Hopp til innhold

- Bør tilsetje etter kompetanse

Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet er usamd med Havyard Leirvik.

Oddbjørn Aalen - Distrikssekretær i Fellesforbundet
Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Det er bra at skipsverftet Havyard Leirvik vil tilby fast arbeid til fleire, men tilsetjingane bør skje etter kompetanse.

Det seier Oddbjørn Aalen, som er distriktssekretær i Fellesforbundet.

Skipsverftet i Hyllestad har no 300 utanlandske arbeidarar, men vil tilby fast jobb til dei som kan misse jobben ved Fundo Wheels.

Bakside

- Eg synes dette er ei tvetydig sak. Dei utanlandske arbeidarane bør òg få tilbod om å kome inn i bedriftene.

Men Bente Nesse ser moglegheiten til å utnytte krisa til felgprodusenten Fundo Wheels i Høyanger til å skaffe seg meir norsk arbeidskraft.

- Slik får vi arbeidarar som snakkar same språk og som kan kommunisere på norsk.

Ny tone

Aalen meiner det er eit godt tiltak at bedrifta tilset fleire faste, men at dette er ein ny tone frå verfta si side.

Havyard har kontakta NAV for å få dei til å betale for omskuleringa, fordi arbeidarane frå Fundo må gå frå felgproduksjon til båtbygging.

- Uansett om ein er norsk eller utanlandsk bør tilsetjinga stå på kompetanse, meiner Aalen.