Dei siste åra har gaupebestanden i Norge vokse, og er på mellom 430 og 450 dyr.
Gaupebestanden ligg også over bestandsmålet som Stortinget har sett om 65 årlege ynglingar, skriv rovdyrportalen.no.
Kvotejakta startar 1. februar i år, men gaupejakta i Vest-Agder, Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland blir kvotefri.
I resten av landet er det opna for felling av 119 dyr, men jakta blir stogga dersom fleire enn 61 hunngauper blir skotne.