Det er ein auke på nærare 400 000 kroner frå året før, seier Hermund Mjelstad som er vilforvaltar hjå Fylkesmannen.
Bjørnen kosta mykje
Det er fleire årsaker til denne auken, men bjørnen som streifa innom fylket i fjor gjorde aleine skade for 170 000 kroner. Men hovudårsaka til erstatningsauken er nok likvel jerven.
- Det er nok jerven som fører til at erstatningane vert så store. Spesielt ser vi det i Luster, og i deler av Årdal kommune, seier Mjelstad.
Større skader
Det var i alt 80 bønder som søkte om erstatning i fjor, og det er slik det pleier å vere, seier viltforvaltaren.
- Det er ikkje fleire som har søkt om erstatning, men dei enkelte søkjarane søkjer om meir enn dei tidlegare har gjort fordi skadene har vore større.
Dei største summane vart utbetalt i indre Sogn.
- Det er heller ikkje uvanleg. Men eg må seie at det er usedvanleg mange frå Luster i år. Halvparten av søkjarane kom derifrå. Og samla vart det utbetalt 650 000 kroner dit.
Uheldige
Han seier Luster ligg geografisk dårleg til i høve korleis jerven vandrar. Den kjem ned frå Hopland-sida, og då vert skadene fort store i kommunen.
- Forstår du kampen som enkelte bønder fører for å få ta ut fleire jerv?
- Det som skjedde i 2008 var uheldig på fleire måtar. det var mange jerv i området, men Statens Naturoppsyn klarte å ta ut to hannjerv i dette området. Men det var nok for lite for å klare på halde skadene i sjakk, seier Hermund Mjelstad.