Hopp til innhold

Køyrde 1 475 mil på 55 dagar

Utstyrt med kamera, ei skinnbok og ein Land Rover, har Tom Hatlestad køyrt gjennom to verdsdelar, frå Norge til Bangladesh, på 55 dagar.

Tom Hatlestad er framme i Dhaka i Bangladesh.

- Welcome. Tom Hatlestad kjende seg velkomen av alle han møtte under turen.

Foto: privat

I 15-tida laurdag 17. januar, var høyangermannen framme i Dhaka i Bangladesh, der han i byrjinga av februar opnar utstilling med "fridom" som tema .

- Det har vore ei fantastisk reise. Enkelt og greitt, fortel Hatlestad på telefon frå Bangladesh.

- Ikkje like romantisk no

Turen frå Norge byrja i haust og har gått gjennom Aust-Europa og Midt-Austen. Den har vore lærerik på mange måtar.

- Rett nok er eg blitt sett på plass eit par gonger. Du blir sliten når du må køyre i fjell og dalar i to dagar før du kjem deg vidare, og heller ikkje får hjelp frå folk som ikkje veit skilnad på høgre og venstre. Turen vart ikkje like romantisk som då eg sat heime og planla den, seier Hatlestad.

Overnatta i arresten

Eit TV-selskap følgde han dei siste åtte mila inn mot reisemålet Dhaka. Litt tidlegare på turen, hadde Hatlestad eit reisefølgje som ikkje opplevde som like kjekt.

- Eg hamna i fjella i Pakistan og fekk 600 km med politieskorte. Det var utriveleg. Det var absolutt det motsette av det eg opplever som fridom. Dei følgde meg med blålys, sirener og våpen og eg måtte overnatte i politistasjon, seier han og fortel at det vart langt mellom både naudsynte pausar.

Reiseruta til Tom Hatlestad.

Reiseruta til Tom Hatlestad.

Foto: Kart: Google map

Eskorte til grensa

- Eg vel å tru at dei gjorde dette for å skåne meg mot militante, men eg veit ikkje. Dei køyrde meg til grensa og passa på at eg kryssa inn i India, seier Hatlestad. Heller ikkje turen gjennom India gjekk problemfritt.

- Eg hadd plan om å vitje staden der Dalai Lama bur. Men det viste seg at dette var ein turisthaug med mykje salsboder. Eg var ikkje der så lenge, fortel han.

- Seier venstre, peikar til høgre

Men besøket skulle vise seg å blir ufrivillig lenge.

- Eg hadde litt problem med språket og køyrde meg vill. Når folk seier "go left" og peikar til høgre, så blir du usikker. Vegane vart verre og verre. Dei var endåtil verre enn frå Moskog til Viksdalen. Alle ville hjelpe, men ingen kunne. Eg brukte to dagar på å komme meg ut av fjellet. Eg kom over eit hotell der ein teikna kart til meg, ler Hatlestad.

Arbeidde med utstilling

Under heile turen har han arbeidd med utstillinga.

- Eg har laga over 70 intervju og teke portrett av menneske om kva fridom betyr for dei. Dette er menneske eg har møtt langs vegen. Akkurat no har eg oversett 20-30 tekstar til engelsk, seier han og fortel at menneska han har møtt, har teke imot han og prosjektet med opne armar.

- Du er velkomen

- Det er godt å sjå og oppleve at skremselspropagandaen ein ser i media heime i Norge, ikkje stemmer. Du blir ynskt velkomen til landet, seier Hatlestad som også har skrive blogg frå den 14 750 kilometer lange ferda hans.

Bilen hans, ein klassisk Land Rover, har ikkje brukt meir enn ein liter olje i løpet av turen. 14. februar går visumet til Hatlestad ut og han vender nasen heimover - bak rattet.