Hopp til innhold

Avstemming avlyst grunna kupp

Firdaposten måtte avlyse avstemminga om årets namn i Flora og Bremanger fordi AUF-leiaren i fylket innrømde å ha manipulert resultatet.

Kjetil Klakegg Bergeim

AUF-leiaren i Sogn og Fjordane, Kjetil Klakegg Bergheim

Foto: Gunnhild Svaboe

Det var i romjula Firdaposten la ut ein avstemming på nettsidene sine, der lesarane kunne stemme på årets namn mellom 18 kandidatar. AUF-leiaren i Sogn og Fjordane, Kjetil Klakegg Bergheim var inne og gav ein stemme.

Då han var inne for å sjekke resultatet seinare, såg han at kandidaten Jakob Nødseth hadde fått 100 stemmer på kort tid. Det syntes Bergheim var mistenkjeleg, og han fekk derfor ein kamerat til å lage eit program som skulle stemme på den andre kandidaten som leia. Programmet loggførte også kor mange stemmer dei forskjellige kandidatane fekk, og kor tid dei fekk stemmene

Ville avdekke juks

Etter at Nødseth vart forbigått, registrerte programmet at Nødseth på nytt fekk mange stemmer i løpet av eit kort tidsrom. Bergheim seier han gjorde dette for å avdekke svakheitene ved avstemmingssystemet, der ein eigentleg berre skal kunne stemme ein gong.

- Eg syns ikkje det er rett at dei som er datakyndige, og klarar å omgå systemet, skal få gjennom sine stemmer, seier han.

- Har du noko i mot Jakob Nødseth ?

- Ikkje noko anna enn at vi har forskjellige politiske standpunkt. Og om det er Nødseth sjølv som har gjort dette, eller har oppfordra nokon andre til å stemme fleire gonger, kan eg ikkje uttale meg om.

- Men er det ikkje like ille at du går inn og manipulerar resultatet ?

- Når det er snakk om å avduke kor lett det eigentleg let seg gjere, har eg ingen betenkelegheiter. Eg syns det er like ille om Jakob Nødseth skulle ha vunne fordi nokon hadde manipulert hans stemmer.

- Men korleis veit du at nokon manipulerer stemmene ?

- Det er mistenkjeleg når han får 15 stemmer i løpet av to minutt klokka fire om natta. Og førre vinnar i 2004 vann med 24.000 stemmer. Det er litt rart når ein veit at det bur 15.000 menneske i Flora og Bremanger, og mange av dei ikkje kan bruke ei datamaskin.

- Kvifor gjekk du ikkje berre til avisa og fortalde det du hadde mistanke om, i staden for å manipulere tala sjølv ?

- Dei ville berre ha sagt at systemet er godt nok, og at mistankane mine ikkje let seg bevise.

-Eit hån

Ansvarleg redaktør i Firdaposten, Svend Arne Vee, såg seg nøydd til å avlyse avstemminga då Bergheim tipsa dei om det han hadde gjort. Vee syns det som har skjedd er eit hån mot dei som har røysta på sin kandidat.

- Det er å misbruke styrken med nettet, som gjer at folk kan gi sin respons direkte i form av å stemme.

- Men det viser seg jo at det er lett å manipulere. Kva seier du til det ?

- Den einaste gongen vi bruker slike avstemmingar er ved slike uformelle kåringar som dette er. For vi veit jo om svakheitene i systemet.

- Og eg synest kanskje AUF-leiaren bør vere litt forsiktig med å jukse på denne måten, når ein tenkjer på historia om medlemsjukset i AUF.

- Men har ikkje Bergheim eit poeng i at det er litt mistenkjeleg når det kjem inn mange stemmer på kort tid i løpet av natta ?

- No i romjula samlast folk og festar og er oppe lenge om natta. Så ein kan ikkje heilt sjå fekk frå at nokon har stemt på det tidspunktet. Det einaste som let seg bevise her er det Bergheim sjølv har innrømma.

- Eg syns det er ein merkeleg framgangsmåte. Han burde heller kome å prata med oss. Eg trur dessutan ikkje Bergheim hadde reagert på same måte om det var ein idrettsleiar eller nokon andre som hadde lege an til å vinne. Eg tur dette er politisk motivert, seier Vee.

- Ikkje demokratisk

Bergheim sjølv avviser dette. Han seier han vil avdekke svakheitene i dette systemet.

- Ein kan ikkje seie at dette er ei demokratisk avstemming. Det hadde vore det same som om eg kunne gå og avlagt fleire stemmer ved eit val, berre fordi eg veit korleis systemet verkar, seier Bergheim.

Han meiner ein meir idiotsikker måte er å ha ein avstemming per SMS, der det er lettare å kontrollere at ikke same person stemmer fleire gonger.

Jakob Nødseth sjølv seier til Firdaposten at det er forkasteleg det som no har skjedd. Han meiner det er hårreisande å lage eit slik program, og seier han trudde det berre gjekk an å stemme ein gong per maskin.