Hopp til innhold

Villreinstammen halvert

Villreinstammen i Vest-Jotunheimen er meir enn halvert i løpet av to år. Stammen tel no 170 dyr.

Villrein
Foto: Bjørn Haavind / NRK

- Forklaringa er truleg rovdyr, sjukdom og auka fotturisme. Det seier fjelloppsyn Einar Fortun til Sogn Avis.

Han meiner ekstraordinære tiltak er einaste måten å berge dyra på. Villreinutvalet har bede Direktoratet for Naturforvaltning om hjelp.

Starten på slutten

- Eg fryktar at vi ser starten på slutten for denne villreinstammen, ein stamme som for få år sidan talde mellom 400 og 500 dyr, seier Fortun.

Mislykka jaktforbod

Jaktforbodet på villrein som vart innført i 2007 har ikkje hatt den effekten ein hadde håpa på. Stammen er i staden blitt dramatisk redusert. Fortun trur jerven må ta mykje av skulda.

- Seinast i går fekk eg melding om eit reinsdyr som truleg er teke av jerv, fortel Fortun.

Ber styresmaktene om hjelp

Fortun og Villreinutvalet har sendt rapport til både Fylkesmannen og Direktoratet for Naturforvaltning. I rapporten vert det understreka at Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på villreinen.