Hopp til innhold

Møter krisa med fleire tiltak

NAV bur seg på å møte arbeidsløyse i byggjebransjen med arbeidsmarknadstiltak.

Byggebransjen
Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Det normale i Noreg er å møte ei slik slik utvikling som vi ser på arbeidsmarknaden no med auka aktivitet gjennom arbeidsmarknadstiltak, seier NAV-direktør i Sogn og Fjordane Tore Torsnes.

Situasjonen blir verre

- Sogn og Fjordane får sjølvsagt dei samme problema som elles i landet, sjølv om utviklinga i positiv og negativ retning ofter skjer litt seinare, seier Torsnes.

Han reknar med at situasjonen innan bygg og anlegg vil forverre seg vesentleg i 2009, trass i at mange firma framleis har oppdrag ei tid framover.

- Vi har tenkt at vi skal vere godt førebudde viss situasjonen endrar seg vesentleg, seier han.

Fleire byggjeprosjekt

Då vert det i følgje Torsnes viktig for NAV å formidle ledige jobbar i andre bransjar, og eventuelt gje tilskot til verksemder som tek inn arbeidsledige.

- Vi har diskutert med politikarar sentralt om det er ynskjeleg å setje i gang spesielle tiltak i form av å stimulere til sentrale statlege byggjeprosjekt som har lege på vent, og at ein på den måten kan få i gang aktivitet på landet, seier han.

Positivt med fleire tiltak

Distriktssekretær i LO Arvid Langeland trur heller ikkje Sogn og Fjordane vil sleppe unna permitteringar og oppseiingar, og meiner det er positivt at NAV er på bana med fleire tiltak.

- Det er viktig at lokalpolitikarar no dreg fram planar dei har om ombyggingar og utbetringar av kommunale og fylkeskommunale bygg. Også statlege prosjekt må komme fram i lyset, seier Langeland.