Hopp til innhold

Truleg slutt for Åsnes

Eigarane i Åsnes ski vurderer å leggje ned skifabrikken på Straumsnes. Styret tek stilling til nedlegginga på eit styremøte på torsdag. Det stadfester dagleg leiar Terje Eilertsen

Åsnes Ski

Skifabrikken på Straumsnes

Foto: NRK

Terje Eilertsen, Åsnes Ski.

Dagleg leiar Terje Eilertsen

Foto: Cosmin Cosma. / NRK

- Ein 15-16 tilsette vil i så fall miste jobben sin på skifabrikken. Det vil skje litt over tid, men i løpet av vinteren og våren 2009 vil drifta bli avvikla. Produksjonen blir flytta til Kina, der mesteparten av produksjonen er i dag, seier han.

Trist

Leiaren er trist både på dei tilsette sine vegne, og over at ein lang tradisjon er slutt .

- Viss vi legg ned vil vi gjere mykje for å hjelpe dei tilsette med å få jobb ein annan plass, seier Eilertsen.

Mykje usikkerheit dei siste åra

Åsnes-ski
Foto: NRK

Dei siste åra er det berre eit fåtal skimodellar som har vore produsert på Straumsnes, og volumet har ikkje vore stort. 25-30 prosent har vore produsert i Fjaler og resten i Kina.

- Åsnes har hatt ein lang periode bak seg med mykje usikkerheit, så både tilsette og folk i lokalmiljøet har vore klar over at slike dramatiske ting kan skje, seier den daglege leiaren.

For høge kostnader

Åsnes Ski.

Produksjon av Åsnes-ski

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Prispresset har blitt for stort for Åsnes. Dei siste åra har dei tapt pengar på produksjonen på Straumsnes.

- Vi hadde som mål å gå i balanse, men det er ikkje realistisk komande år. Kostnadane med produksjonen på Straumsnes er for store. Prisane på dei produkta vi produserer er basert på produksjon i lågkostland. Det er veldig vanskeleg å få til med norske lønningar, seier Eilertsen.

- Det er fleire år sidan det har vore permitteringar i Åsnes. Hadde vi sett at det var håp om å halde fram produksjonen, kunne det vore eit alternativ med permitteringar. Men botnlinja tilseier at vi må slutte.