SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Fjaler:

Åsnes Skifabrikk

Skiproduksjon på Straumsnes. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Skiproduksjon på Straumsnes. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Det var berre Åsnes Skifabrikk som vart liv laga av skifabrikkane på Vestlandet.

Publisert 26.09.2001 11:06. Oppdatert 14.12.2006 14:48.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Skiproduksjon eitt av dei første åra. Foto utlånt av Åsnes Ski

Skieventyret i havkanten

I mellomkrigstida var det fleire - jamvel i snøberre kyststrok - som prøvde seg med skifabrikasjon. Skifabrikasjon i større og mindre målestokk finn vi m.a. i Markane og Utvik (sjå Bergset skifabrikk: Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik) og i Bygstad (sjå: Skifabrikken i Bygstad).
Men det var berre Åsnes Skifabrikk på Straumnes ute ved havet som vart liv laga av skifabrikkane på Vestlandet: Åsnes er i 2002 den eine av to gjenlevande norske skifabrikkar, og den einaste på norske hender. Den andre er Madhus - med eigarar i USA.

Start i ei sperrestove

Dei første skia vart laga i denne stova. (Foto © Åsnes)
Arne var den eldste av Åsnes-brørne. Han hadde flytta til Oslo i 1910, der han fekk arbeid på L.C. Hagen Skifabrikk. I tur og orden kom dei andre brørne; Jonas Åsnes, Kristian Åsnes, Alf Åsnes, Kolbjørn Åsnes og Leif Åsnes til Oslo og fekk seg arbeid i skifabrikken.
I 1922 starta brørne eigen skifabrikk i ei gamal sperrestove heime på farsgarden på Åsnes. Arne og Alf budde i Oslo, men hjelpte innimellom til heime.
Produksjonslokala på garden vart utvida. (Foto © Åsnes)
Trevyrke til skiproduksjonen kjøpte brørne på rot på andre sida av fjorden og slepte det etter robåt over til Straumsnes.
Den første fabrikkbygningen reiste dei i 1933, og dreiv fabrikken som rein familiebedrift fram til 1938. Då fekk Åsnes-brørne ein ordre på 1800 par ski til Forsvaret, og kunne tilsetje meir folk.
I 1948 vart fabrikken totalskadd av brann, men i 1950 stod ny fabrikk med 465 kvadratmeter i tre høgder ferdig.

Strid om produksjonsmetodar

(Foto: S. Lote, NRK)
Med ny fabrikkbygning satsa Åsnes Skifabrikk også på produksjon av ski i laminert tre etter den såkalla "splitkein"-metoden. I 1952 reiste Splitkein-fabrikken på Hønefoss, eigd av den kjende OL-meisteren Laila Schou Nilsen, sak mot Åsnes. Splitkein-fabrikken hevda å ha einerett på produksjon av laminerte ski. I 1957 vann Åsnes Skifabrikk saka.

Frå treski til glasfiber

(Foto: S. Lote, NRK)
Glasfiberskia kom for fullt i internasjonal skisport frå 1972. Men alt på slutten av 1960-talet hadde Åsnes utvikla sine eigne prototypar i glasfiber. Utover 1970-talet kutta konkurentane ut treskia og satsa berre på glasfiber. Men mange heldt seg framleis trufast til treskiene - eit produkt som dei framleis kunne få frå skifabrikken på Straumsnes.
Det siste partiet med treski frå Åsnes vart levert til Forsvaret så seint som i 1987.

Solstolar, dører og hoppski

Men fabrikken på Straumsnes har ikkje berre livnært seg på skiproduksjon:
I mellomkrigstida var fluktstolar i tre og canvas eit viktig produkt. Då produserte Åsnes også skistavar og bordtennisracketar. Robåtårar var i mange år eit stort produkt. I mange år hadde fabrikken også delleveransar til dørfabrikantane Moelven (sjå: Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik) og Ege dørfabrikk i Egersund, og leverte også deler til vevstolar til ein fabrikk i Arna.
Sjølv om turski gjennom alle år har vore det sentrale produktet, forsøkte Åsnes Skifabrikk seg også på hoppski i ein periode på 1980-talet.
På 1980-talet kom det på moten å renne med telemark-stil. Åsnes Skifabrikk vart tidleg ute med ei spesialutvikla telemark-ski, og var ei tid dominerande på denne marknaden. Kring 1970 satsa Åsnes Skifabrikk på eksport av ski, og fekk etter kvart store leveransar til USA, Canada og fleire europeiske land.
I 1977 var produksjonen komen opp i 137.000 par ski i året.
Straumsnes med Åsnes Skifabrikk. Foto: Sigvald Vårdal

Konkurs 1998 og nye eigarar

Fleire snøfattige vintrar og beinhard konkurranse frå mellomeuropeiske skifabrikkar skapte fleire gonger vanskar for Åsnes Skifabrikk utover 1980-og 1990-talet.
I 1998 gjekk den familieeigde verksemda konkurs og Åsnes-familien gjekk ut av leiinga.
Eit nytt selskap ned namnet Åsnes Ski AS vart skipa. Her eig Irene og Roar Bøe frå Hyllestad 50 prosent, og Torbjørn Lie frå Førde og Olav Nummedal frå Odda 25 prosent kvar. I 2006 overtok firmaet Skigutane AS på Voss 90 prosent av aksjane i Åsnes.

2008 vart siste året

I 2008 vedtok eigarane å flytte produksjonen til Kina og leggje ned fabrikken på Straumsnes.

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no