Hopp til innhold

Jølster var suverene - igjen

Jølster imponerte då den 12. og siste Sogn og Fjordane meisterskapen for amatørkorps vart gjennomført laurdag 15. november i Samfunnshallen på Tennebø i Vågsøy.

Jølster Musikklag
Foto: NMF Nordvest

I fjor vart Norges Musikkorps Forbund Sogn og Fjordane og Norges Musikkorps Forbund Møre og Romsdal slege saman til Norges Musikkorps Forbund Region Nordvest. Så frå neste år deltek lag frå begge fylka i meisterskapen.

Jølster suverene

Vinnarar i klassa for brassband vart Jølster Musikklag, som imponerte med sitt program beståande utelukkande av musikk av gruppa Queen. Dei fekk 94 poeng for spelinga si, og ni poeng for programvalet, totalt 103 poeng.

- Jølster Musikklag har vore suverene, og dei har vunne brassband klassa alle 12 åra. Men frå neste år blir det større konkurranse, for det er ein del gode korps i Møre og Romsdal. Det seier Lars Alver Krum i Norges Musikkorps Forbund Region Nordvest, som er prosjektleiar for arrangementet.

Solistprisen gjekk til Are Mangersnes, euphonium, for hans solostykke ”Love of My Life” med Jølster Musikklag.

Vandrepremien for korpset som fekk flest poeng uansett klasse gjekk også til Jølster Musikklag. Dei har vunne vandrepokalen 11 av 12 gonger. Berre i 2001 avbraut Gloppen Janitsjar vinnarrekka ved å bli beste korps.

Øvre Årdal sanka også prisar

I janitsjarklassa gjekk sigeren til Øvre Årdal Janitsjarkorps, som fekk 91 poeng for spelinga og åtte for program, totalt 99 poeng.

Publikumsdommarane kåra også Øvre Årdal Janitsjarkorps til dagens mest underhaldande korps.

- God stemning

- Det var godt med publikum i salen heile dagen, og mykje entusiasme og god stemning.

- Teknisk arrangør Torskangerpoll Musikklag har gjort ei framifrå jobb med gjennomføringa av arrangementet, og NMF Nordvest ønskjer å takke dei for innsatsen, seier Krum.