Hopp til innhold

Russisk brunbjørn til Jølster

Steinar Øvrebø frå Ålhus har henta heim to utstoppa russiske brunbjørnar.

Jegeren frå Jølster var våren 2007 i Magadan i Russland på bjørnejakt.

Saman med fire karar frå Sogn jakta han på bjørn i den russiske villmarka. Til saman fekk dei med seg sju bjørnar heim til Norge.

- Det var litt av ein opplevelse. Bjørnejakt er noko av det gjevaste ein jeger kan vere med på. Når det lukkast å skyte bjørn må eg sei det er det beste jaktobjektet vi har, meiner jølstringen.

Fornøgd med fangsten

Øvrebø ville ikkje ha ein brølande slagbjørn stoppa ut, men heller ein som ser roleg og nyfiken ut. Den andre bjørnen er laga som ein rugg. Slik butleren snublar over veslejulaftan på NRK1.

- Eg er veldig godt fornøgde med resultatet av utstoppinga, men har enno ikkje bestemt om bjørnen får plass midt på stovegolvet, smiler Øvrebø.

Sjå bilde av bjørnane.