Hopp til innhold

Hanssen stør ortopedivedtaket

Helseministeren stør det omstridde ortopedivedtaket til Helse Førde.

Bjarne Håkon Hanssen
Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Vedtaket seier at ortopediske inngrep som krev narkose i hovudsak skal utførast ved Sentralsjukehuset i Førde.

- I tråd med Soria Moria

I eit svar til stortingsrepresentant Åge Starheim skriv helseminister Bjarne Håkon Hanssen at vedtaket er i tråd med Soria Moria-erklæringa.

Ministeren skriv også at han har vore i kontakt med Helse Vest om saka.

Nøgd med gransking

Han er nøgd med at vedtaket skal granskast som følgje av at ein pasient som bur berre få meter frå Nordfjord Sjukehus vart send til Førde etter eit lårhalsbrot.

Her er heile svaret til helseminister Bjarne Håkon Hanssen:

Eg har vore i kontakt med Helse Vest RHF på bakgrunn av representanten sitt spørs¬mål. Eg viser også til tidligare svar frå departementet den 10. juni i år på spørsmål nr. 1197.

Som kjent har ein gjennomgått ortopeditenestene i Helse Førde HF.

Det fins ortopediske tenester ved tre sjukehus i helseføretaket (Førde, Lærdal og Nordfjord). Helse Vest RHF fortel meg at det i eit område med 106.000 innbyggarar ikkje er grunnlag for å ha parallellkompetanse på alle tre stader. Kvaliteten skal ein ta vare på gjennom funksjonsfordeling og spesialisering. Dette er i tråd med Regjeringa si Soria Moria-erklæring, der det vert slått fast at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned, men at arbeidet med ei betre arbeidsdeling mellom sjukehusa skal vidareførast for å sikre kvalitet.

Helse Vest RHF informerer meg om at Plan for ortopediske tenester i Helse Førde ligg fast med akuttberedskap innan ortopedi ved dei nemnte sjukehusa i Helse Førde. I tråd med dette vil traumebehandling/ØH som krev operasjonsteam bli samla ved Førde sentralsjukehus, eventuelt bli sendt til Haukeland universitetssjukehus ved større skader. Det vert vidare gjennomført ei meir spesifisert arbeidsdeling mellom sjukehusa.

Grunnlaget for vedtaket i ortopedisaka er utgreidd i samarbeid med fagmiljøa, og det vart semje om hovudprinsippa. Større skadeortopedi som krev narkose vart då i tråd med dette vedteke samla ved Sentralsjukehuset i Førde, som har generell akuttfunksjon i føretaket. Eit tilstrekkelig volum for å sikre utdanning av nye ortopedar var også eit viktig moment i vurderinga. Talmaterialet syner også at mange inngrep blei gjort svært sjeldan ved fleire av seksjonane. Samstundes er det planlagt å legge til rette for at rehabiliteringa av pasientar frå lokalsjukehusområda i størst mogeleg grad skal skje lokalt.

Helse Vest RHF fortel meg at målet for omorganiseringa er å skape ei kvalitativ god og bærekraftig traumebehandling for heile befolkninga i fylket. Negative effektar som lengre transportar for ein del pasientar er moment som har vore drøfta under arbeidet, men transporttida har blitt funne akseptabel og medisinsk forsvarleg. Det må understrekast at støttande og lindrande behandling inkludert smertebehandling ikkje er knytt primært til sjølve det ortopediske inngrepet, men finn stad under heile behandlingsforløpet, også i ambulansen.

Alle sjukehusa i helseføretaket vil ha døgnkontinuerleg ortopedivakt og skadepoliklinikk. Dei fleste pasientane får av denne grunn også god hjelp ved sitt lokalsjukehus.

Eg har forståing for at endringar i tenestetilbodet kan vekke bekymring, men eg har på bakgrunn av utgreiinga frå Helse Vest RHF tillit til at styret i Helse Førde HF utviklar gode tenester i tråd med dei styringsmessige rammer og i tråd med Regjeringa si Soria Moria erklæring.

Helse Vest RHF opplyser at dei følgjer omstillingsprosessane i Helse Førde HF tett. I samband med ei konkret pasientsak er det teke initiativ til ein fagleg revisjon, som også vil kunne seie noko meir generelt om arbeidsdelinga mellom sjukehusa innan ortopedi, og eventuelt gi grunnlag for justeringar.