Hopp til innhold

Viken: - Typisk Sogn og Fjordane

Gunhild Dahlberg si reiseskildring frå fylket har skapt sterke reaksjonar i debattforumet på NRK Sogn og Fjordane.

Anne Viken.

Anne Viken fotografert under journalistsamlinga på Voss i haust.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Det er veldig typisk Sogn og Fjordane å gå i strupen på folk som kritiserer, seier frilansjournalist, og kvinna bak bunad-debatten i fjor, Anne Viken, etter å ha lest innlegga.

KVA MEINER DU? SEI DI MEINING HER

Framstår som humorlause

I løpet av ein fire dagar lang sykkeltur langs kysten av fjordfylket, fekk Gunhild Dahlberg inntrykk av at Sogn og Fjordane var det suraste fylket i landet. Medan mange er samde, har "kåringa" falle mange av lyttarane og lesarane tungt for brystet. Fleire anonyme innlegg "slaktar" Dahlberg.

- Desse anonyme innlegga og hårsåre reaksjonane er berre med på å byggje opp om det Dahlberg skriv. Dei stadfestar at vi er eit baklengsfylke. Folk framstår som humorlause og signaliserer verken takhøgde eller sjølvironi, seier Viken.

Å kalle alle i S&Fj for sure og grinete, er vel like seriøst som å kalle alle Oslo borgarar for horer, hallikar og tiggarar fordi ein har spasert opp karl Johan ein fin sommarkveld.

jaja

- Sjangeren er slik

Ho har ikkje sjølv lese boka som også var debattert i ettermiddagssendinga måndag. Viken meiner at det er vanleg i reiseskildringar at det blir harsellert med stadane.

- Det slår meg at folk kanskje ikkje skjønar at reiseskildring er ein eigen sjanger. Den er veldig subjektiv sjanger der forfattarane er personlege når dei skriv. Akkurat no les eg skildringa til John Steinbekk etter ein bubiltur gjennom USA. Han er ikkje heilt snill han heller, seier ho.

Alle veit at damene har eit par dårlige dager iløpet av ein syklus, som går over 28 dager. Når ein attpåtil sit på eit sykkelsete desse dagane har eg ingen problemer med å forstå at dette kvinnemenneske opplevde desse dagane i Sogn og Fjordane som heilt forferdelig. Eg skal vedde trusa mi på at dette hadde ho skreve om eit anna fylke også, viss ho hadde hatt eit av desse dagane der. Så til folk i S&F, ta det heilt med ro. Damene er bare slik.

Jakop

Suraste i Oslo

Viken har sjølv kritisert Sogn og Fjordane for å vere langt meir konservative og forsiktige enn andre stadar. At vi er surare, klarer ho ikkje å sjå.

- Eg var to veker på reis i fylket medan eg laga reportasje for Dag og Tid. Eg møtte ingen sure miner og var overraska over kor sympatiske folk var. Den suraste personen eg møtte i sommar var faktisk då eg kom attende til Oslo - på ein bokhandel. Ho var berre utruleg sur, seier Viken.

til alle i Sogn og Fjordane . IKKJE KJØP BOKA! Den er tydelegvis full av sure oppstøt frå ei sjølvgod austlandsjåle!

sogning

- Maks uheldig

- Eg ser nokon kommenterer at ho drit ut eit heilt fylke, men det gjor ho eigentleg ikkje i måten det er gjort på. Vi må kunne ta dette med ei klype salt og litt humør, seier ho og tykkjer at heile saka er vittig.

- Men eg tykkjer det er merkeleg at Dahlberg har gjort seg opp ei slik meining i løpet av fire dagar. Har ho møtt berre ein hyggeleg person, så har ho vore maks uheldig, held Viken fram.

Kva med Gunhild Dahlberg sjølv då? kanskje ho oppførte seg som ei sur megge når ho var i fylket, og då får ho jo berre svar på tiltalen hjå folk, kven seie at ho har oppført seg skikkeleg når ho var på gjennomreise, kan jo hende ho var premenstruell dei dagane ho var her og skikkeleg sur. kven veit?

Hårek