Hopp til innhold

- Drita dårleg plan

Men den fylkeskommunale klimaplanen har likevel potensiale, meiner Kurt Oddekalv.

Kurt Oddekalv
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- For å seie det veldig enkelt: Dette er gyting av ord over alt for mange sider. Planen som er laga no er ikkje verd ein drit. Men når eg høyrer at Fylkeskommunen har sett i gang dette sjølv så tykkjer eg at det er verdt heile planen. Og når dei for ein sjeldan gong er audmjuke og ber om hjelp til korleis dei skal konkretisere desse gyte-orda dei har kome med, så tykkjer eg prosessen framover byrjar å bli umåteleg interessant, seier leiaren i Norges Miljøvernforbund, Kurt Oddekalv.

Kritikk frå fleire hald

Han var ikkje den einaste av dei som var til stades under Fylkeskommunen sin store klimadag som var kritisk til klimaplanen alle partia på Fylkestinget no stiller seg bak.

- Det er formuleringar på hovudmålsetjingar heile vegen som er lite forpliktande, seier sivilingeniør Kjell Gurigard som til dagleg jobbar med bioenergi.

- Det står at "Industrien skal ha eit tydeleg miljøfokus med klare ambisjonar og mål", men det står ingenting om kva måla skal vere. Eg vil ikkje kalle det hastverkarbeid, men det er lettvint å gjere det slik fordi det er så lite forpliktande, seier Gurigard og får støtte frå Katarina Eckerberg, professor i offentleg forvaltning og sjef for Stockholm Environment Institute

Klarare mål

- Det burde vore klarare med tal kvar me er i dag og kvar me skal hen innanfor ei viss periode. Alle mål ein organisasjon set seg må vere målbare, og vi må seiast kor lang tid ein skal bruke for å nå målet. Ingen av dei to er til stades, så det blir litt svevande og litt ullent.

- Planen er mykje dårlegare enn dei tør å seie. For planen er drita dårleg for å seie det rett ut, seier Oddekalv - som altså likevel ser det positive i at det i det heile er lagt fram ein klimaplan.

- No er dei i saksa

- Det er utvilsomt eit veldig verdifullt gjeremål dei har sett i gang her, for no kan dei ikkje sleppe unna. No har dei gått i saksa, kan du seie.

Fylkesordførar Nils R. Sandal visst kva han fekk då han inviterte Oddekalv til klimadagen, og seier han ikkje er usamd i kritikken.

- Han har eit klart poeng, og det er også grunnen til at vi ba i hop denne forsamlinga og ba dei vere kritiske.

Han seier planen skal bli langt meir konkret i tida som kjem.

- Vi har også etterlyst meir konkretisering, og det kjem. No skal vi vere meir målretta og konkrete. Vi skal ha tidsintervallar og dei skal evaluerast, seier Sandal.