Hopp til innhold

Kritisk til asyl-nei

Jølster kommune ville tent ein halv million på asylmottak - seier likevel nei.

Jølster Hotell

Politikarane seier nei til asylmottak ved Jølster hotell til tross for at kommunen kunne tent minst ein halv million kroner i året på å drive asylmottak i bygget.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det var Jølster Hotell på Vassenden som var tenkt som asylmottak. Eigaren av hotellet gav beskjed om at han kunne tenkje seg å leige det ut, slik at kommunen kunne drive asylmottak der. Men formannskapet sa sist måndag samrøystes nei til mottak i kommunal regi. Hovudgrunngjevinga var mangel på administrative ressursar.

-Merkeleg

-Det er merkeleg at Jølster kommune seier nei til kommunal drift av asylmottak ut frå ressursmessige omsyn, seier Arild Melvær, driftsoperatør ved Solbakken asylmottak i Flora.

Han seier kommunen ville tent minste ein halv million årleg på mottaket.

-Ut frå dei nye og høgare satsane frå Utlendingsdirektoratet, ville kommunen ha site att med minst ein halv million kroner i året på å drive mottaket. I tillegg ville det vorte nye arbeidsplassar og auka skatteinntekter. Sett i det lyset er det merkeleg at politikarane seier nei, seier Melvær.

Skuldar på liten administrasjon

Jølster-ordførar Gerd Dvergsdal meiner på si side at kommuneadministrasjonen er for liten til å starte opp eit asylmottak.

-Administrasjonen vår er for liten til å ta på seg dette, seier ho.

-Men ville ikkje kommunen fått styrka administrasjonen ved å få minst ein halv million årleg i ekstra inntekter?

-Det kan godt vere, men det er eit anna moment også. Det er at vi veit ikkje kor lenge mottaket ville vorte drive, seier Dvergsdal.