Hopp til innhold

Årdalspelar slapp med skrekken

Johann Traustason slapp frå det med skrekken då han i 4. divisjonsoppgjeret mot Førde 2 støytte saman med ein førdespelar.

Johan Traustason vert teken hand om av ambulansepersonell.

Johann Traustason vart frakta til sjukehus i all hast etter ein hovudduell i oppgjeret mot Førde 2.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kneet til ein førdespelar trefte islendingen i hovudet då han kasta seg fram og skulle heade ballen i mål. Islendingen vart liggande att på bakken og var medvitslaus i tre minutt før nokon fekk kontakt med han.

- Det var veldig, veldig dramatisk. No enda det heldigvis langt betre enn vi frykta, fortel lagleiar for Årdal 2, Jan Kåre Stedje.

- Ufatteleg bra

Ved Førde sentralsjukehus vart det stadfesta at Traustason, som i sommar har slite med menisk- og lyskeproblem, slapp frå det med hjerneristing.

- Det står bra til med Johann. No viser det seg at han ikkje har fått brot i kinnbeinet, slik vi frykta. Røntgenbilete viser også at han ikkje har fått nakkeskade. Det heile enda ufatteleg bra. No skal han bli natta over på sjukehuset for observasjon, seier ein tydeleg letta Stedje og rosar heimelaget for arbeidet dei gjorde då islendingen vart skadd.

Skulle byttast ut

Traustason var i slutten av juni operert for meniskproblem. Som del av opptreninga har han spela for andrelaget til Årdal. Mot Førde 2 skulle han berre spele 60 minutt og Stedje stod klar til å bytte han ut då uhellet skjedde.

- Eg frykta det verste. I lys av det som skjedde med Dagfinn Enerly, med ambulanse på bana og krage på spelaren, så tenkjer alle fotballspelarar det verste, fortalde Stedje etter uhellet. Årdal 2 tapte kampen 1-6.