Hopp til innhold

- Ufatteleg at ungdomane kom seg ut

Ekteparet Sabine og Gewald Wagner fekk sitt livs sjokk då dei høyrde braket og såg ulukkesbilen gå kast i kast i Sognefjorden.

Oljefilm i fjorden.

Bilen til dei tre ungdomane ligg på 11 meters djupne, 25 meter frå land.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Bilen ligg på 11 meters djupne om lag 25 meter frå land ved Kvamsøy. Tre ungdomar i 20-åra vart skadd i ulukka.

- Eg forstår ikkje korleis ungdomane kom seg ut. Bilen låg på ti meters djupne, fortel Gewald Wagner til NRK Sogn og Fjordane.

- Forferdeleg smell

Ulukka skjedde i 18-tida tysdag kveld. Bilen med tre ungdomar følgde riksveg 55 mellom Balestrand og Høyanger då den gjekk i fjorden ved Kvamsøy .

- Vi låg på fjorden og fiska då vi høyrde eit forferdeleg smell. Så såg vi bilen gå kast i kast ned fjellsida i fjorden. Vi køyrde rett bort, men før vi var komne fram hadde ungdomane kome seg ut, fortel Wagner.

Fekk dei ombord

Dei tre ungdomane, alle i 20-åra, klengde seg fast til det sleipe svaberget.

- Vi køyrte inn til fjellsida og fekk dei tre ombord. Den eine såg svært skadd ut i eine skuldra, fortel Wagner. Det tyske ekteparet fekk ungdomane trygt til kai ved Kvamsøy der dei etterkvart vart tekne hand om av ambulansepersonell.

Nessane

Vegen var stengd etter ulukka.

Foto: Robert Jan Leerink

- Skrekkeleg oppleving

- Det var ei skrekkeleg oppleving, men eg er veldig glad for at vi kunne vere til hjelp, seier Wagner og skildrar hendinga som svært dramatisk. Ekteparet frakta dei skadde til kai ved Kvamsøy.

Det tyske ekteparet melde frå om ulukka. Då hadde allereie ein yrkessjåfør meldt i frå om den. Sjåføren møtte bilen på den smale vegen og såg i spegelen at bilen gjekk i fjorden.

Slo full alarm

Det skal ikkje ha vore kontakt mellom køyretya. Det vart slått full alarm og både ambulanse, brannvesen og luftambulanse med redningsdykkarar vart sende til staden.

- Uhellet skjedde etter at dei to bilane passerte kvarandre. Lastebilsjåføren såg uhellet i spegelen. Alle dei tre kom seg ut for eiga hand. Redningsdykkarar har vore nede og kontrollert at det ikkje var fleire personar i bilen, stadfestar operasjonsleiar Wenche Hope ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

- Lettare skadd

To av ungdomane vart frakta med ambulanse til sentralsjukehuset i Førde, medan den tredje vart frakta med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde. Dei skadde er 27 år, 23 år og 21 år gamle.

- Alle er lettare skadd og sendt til vanleg avdeling, opplyste AMK klokka 21.20.

Ulukka skal ha skjedd på riksveg 55 mellom Høyanger og Balestrand.
Foto: atlas.no