Hopp til innhold

- Soppen hever alle rettar

Hausten er tida for å plukke sopp, og i dag vart Soppens dag arrangert.

Harald Eriksen kontrollerer sopp

Harald Eriksen kontrollerer soppen til Trude Skarvatun.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Både farlege og ufarlege soppar i mange fargar var utstilt i Førdehuset, då Sunnfjord nyttevekstforening markerte dagen.

Sjå bilete frå Soppens dag

Soppår i år

På grunn av at det har vore passe varmt og fuktig i sommar, er det soppår i år.

Harald Eriksen

Harald Eriksen

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Harald Eriksen er soppkontrollør og leiar i nyttevekstforeninga. Han har gode tips til dei som vil begynne å plukke sopp.

- Det viktigaste er å lære seg nokre få og gode soppar. Særleg kantarell og piggsopp er lette å lære. Utvid med fleire soppar etterkvart, men ikkje legg dei i same korga som soppar du er sikker på. Sjå i bøker for å prøve å finne ut kva du plukkar.

- Korleis kan ein enklast skilje mellom dei som går an å ete og dei som er farlege?

- Det handlar berre om kunnskap. Du må vite kva som er farleg og kva som ikkje er det. Det er så mange soppar som er ganske like. Dei fleste matsoppar har ein farleg og giftig dobbelgjengar.

Vanlegast med kantarell

Spiss giftslørsopp

Spiss giftslørsopp

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det er kantarell som er den vanlegaste soppen å plukke her i fylket, men også traktekantarell og piggsopp er det mange som brukar.

- Når det gjeld dei farlege er det spiss giftslørsopp som er den mest vanlege. Det er ein liten brun sopp som sidan 80-talet har dukka opp veldig mange stader.

Han fortel at interessa for sopp er stor, men at det berre er åtte-ni personar i fylkets som har eksamen som sopp-kontrollørar.

- Vi frå ei del telefonar frå folk som lurer på soppen dei har plukka.

- Hever alle måltid

Søndag ettermiddag var det mange som var innom Førdehuset for å få sjå på sopp. Nokre hadde også med seg sopp som dei ville få kontrollert.

- Men kva er den beste retten med sopp?

- Eg meiner at soppen hever einkvar matrett. Den set ein spiss på all mat og hever gjerne eit måltid med fleire hakk. Ein saftig hjortebiff med ein god sopp-saus med fløyte og løk er berre herleg.

Også som afrodisikum

Eriksen fortel at nokre soppar også er eit afrodisikum.

- Løpekule vart brukt som brunstframkallande middel hos dyr. Hjort og ekorn er veldig glade i den, og dei grev den opp frå jorda

- Men korleis er effekten på menneske?

- Den har eg ikkje testa, men det er sikkert nokon som har gjort det, ler han.

Løpekule

Løpekule

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK