Lærdal Grønt sette ny dagsrekord torsdag då dei pakka og sende ut 50 tonn poteter til marknaden, skriv Sogn Avis.
Kan poteter
- Lærdølene kan poteter, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt, Kåre Øyri.
Potetopptaket starta rekordtidleg i år, allereie 16. juni var dei første potetene av merket juno på plass på lageret.
God torsdag
Men, torsdag og onsdag toppa det heile seg.
- Ei historisk stor levering av poteter. På to dagar vart det levert 60 tonn, eller 100 pallar, med lærdalspoteter frå lageret til Lærdal Grønt.
Sesongen blir avslutta i månadsskiftet og då har Lærdal Grønt leverte nærare 1200 ton med poteter.