Hopp til innhold

Køyrde ned tre mann

Sjåføren stakk av frå staden.

-Heilt frykteleg, seier augevitne.

Sjokkerte augevitne

Fleire personar vart sjokkerte augevitne til at tre personar vart påkøyrde på veg til Fresvik natt til laurdag.

Det var mykje folk langs vegen i samband med ein flakedans, då ein bil køyrde inn i folkemengda, meia ned tre personar og køyrde vidare.

- Heilt frykteleg

- Det var skremmande, heilt frykteleg. Sjåføren må ha merka at han kom borti noko, og da skal han stoppe.

Det seier Olav J. Bøthun som berre var nokre centimeter frå sjølv å bli påkøyrd natt til laurdag.

I samband Mensen Ernst-arrangementet i Fresvik i Sogn var det mange som kom gåande på veg til flakedans. Like før halv tolv kom ein bil køyrande rett inn i folkemengda bakfrå, tre personart vart meia ned. Sjåføren stoppa ikkje, men køyrde vidare.

- Eg gjekk i lag med ein av dei som vart trefte, han vart berre kasta i frå meg. Det var veldig mørkt på staden, så det gjekk nokre sekund før ein skjønte kva som hadde skjedd, seier Bøthun.

Ei alvorleg skadd

To polske menn vart lettare skadde og ei ung kvinne vart alvorleg skadd i ulukka. Bøthun er arbeidsgjevar for polakkane og hendinga har gått sterkt inn på han.

- Det er omtrent som ein i familien, det er nærare enn eit arbeidsgjevar-arbeidstakar-forhold, så det er frykteleg å oppleve noko slikt.

Ein pågripen

Poltiet pågreip ein mann like etterpå. Mannen var rusa, og er sikta i saka. Men lensmann i Vik, Ove Andersen, seier dei ikkje veit om det var han som faktisk køyrde bilen.

- Mannen har sagt han har vore i området. Han har ikkje sagt noko om kva som har skjedd med bilen hans, om det er han eller nokon annan som har køyrd bilen, men vi har knytt han opp mot ulukka.

Fengselstraff

Politiet skal no avhøyre fleire personar i samband med hendinga for å klargjera kven som køyrde bilen. Andersen seier det er sjelden dei er borti slike saker her i fylket, og at sjåføren kan vente seg fengselsstraff

- Eg ser ikkje bort frå at ubetinga fengsel kan vere aktuelt i saka, utan at eg kan seie noko sikkert om det, seier Andersen.