Mannen såg seg lei myggen på Hoddeviksanden og tende på raudsprit som han hadde i ein kopp.
- Mannen hadde også fått raudsprit over hovudet og overkroppen, opplyser politiet sin operasjonssentral i Florø.
Til Haukeland
Raudspriten eksploderte og brannen spreidde seg raskt til ansiktet. Mannen var i ei gruppe på ti personar som sat på sørsida av stranda. Det var folk ved surfestaden som melde frå til politi og AMK om ulukka som skjedde kring midnatt.
Mannen vart send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Saka blir etterforska av politiet.
Andre ulukka
Dette var den andre ulukka måndag der raudsprit eksploderte og tok fyr. I Sogndal vart to personar skadde i samband med røyking av fisk.
LES OGSÅ: