Hopp til innhold

Skadde i arbeidsulukke

To personar vart skadde i ei arbeidsulukke ved Elkem Bremanger.

Begge er sende til sjukehus i Førde for behandling, men ifølgje politiet er det ikkje snakk om livstrugande skader.

Ulukka skjedde under renoveringsarbeid inne på verksområdet torsdag føremiddag.

- Dei to jobba på eit stilas inntil ein vegg, då veggen gav etter og tok med seg stilaset, seier operasjonsleiar Kjell Fonn i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han seier karane i 40-årsalderen fall to-tre meter.

Dette er andre arbeidsulukka ved Elkem på ei veke. Les: Arbeidsulukke på Elkem