Hopp til innhold

Måtte slakte angripne sauer

Det er truleg hund som har bite sauene til ein bonde i Flekke i Fjaler. Det meiner Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn.

Sauekadaver

Sauene måtte slaktast etter å ha blitt angripne.

Foto: Ingjald Hauso, Statens naturoppsyn

To sauer vart avliva etter å ha vorte angripne av rovdyr på Flekke i Fjaler kommune.

Sauene hadde kraftige bitt i halsen og på sida då dei vart funne tidlegare i veka.

Tveiten meiner at rovdyr angrip sauene på ein annan måte.

Rovviltkontakt Ingjald Hauso i Statens Naturoppsyn seier han aldri før sett sauer som har vorte angripne på denne måten.

- Eg har ikkje sett slike kadaver før. Det vart først spekulert i om det kan vere gauper.

- Kva er det du ikkje har sett før?

- Eg har ikkje sett at dei var så skadde, på den staden i halsen og i låret.