I ni meter høge bølgjer var det store skipet prisgitt ankerkjettingane for å hindre eit havari. Før livbåtane vart låra i den grove sjøen, fekk mannskapet omsider motorane i gang att. "Midnatsol" var då berre vel 150 meter frå skjera, og båten hadde vore i drift i meir enn to timar.
Krisehjelp
Hurtigruteskipet kom inn til Florø klokka 10.45 sundag føremiddag, og passasjerane vart der møtt av eit lokalt kriseteam på fem personar. Alle passasjerane takka nei til individuell oppfølging frå kriseteamet, og dei har reist vidare til Bergen med buss.
Uviss årsak
Årsaka til maskinhavariet er ikkje klar, og "Midnatsol" blir liggjande i Florø til feilen er funnen. Folk frå Det Norske Veritas er med i arbeidet for å finne ut kva som gjekk gale. Leiinga i Troms Fylkes Dampskipsselsskap vil førebels ikkje kommentere kva som kan vera årsaka til at motorane stoppa. Det har mellom anna vore spekulert i om dei høge bølgjene kan ha ført til at det kom luft i kjølevatnet til maskinene.
Nøgd kaptein
Kaptein Arild Hårvik på "Midnatsol" karakteriserer òg hendinga i natt som ein dramatisk situasjon. Han rosar innsatsen til mannskapet under den kritiske situasjonen. Det tok berre 20 minutt frå alarmen gjekk til skipet var gjennomsøkt og passasjerane samla.
I tillegg til 102 norske og britiske passasjerar var det eit mannskap på 59 om bord.
Slepebåtar og helikopter
Då meldinga om motorstogg kom i firetida natt til sundag, dirigerte Hovudredningssentralen Sør-Norge skip og helikopter til området. Det var frykt for at ankerfesta skulle svikte, og då mannskapet omsider fekk liv i maskinane att litt etter klokka seks, arbeidde ein slepebåt med å få slepar ombord i "Midnatsol".
Skipper på Redningsskøyta "Platou", Jørn Arve Pedersen, seier at situasjonen var dramatisk. Foto Inge Skavøypoll © NRK
MS "Midnatsol" er eigd av Troms Fylkes Dampskipsselskap TFDS. Det nybygde skipet er på 16.000 bruttotonn, er bygd i Rissa i Fosen og vart sett i trafikk i vår. Det er plass til 1.000 passasjerar og 45 bilar om bord.