Hopp til innhold

Her hentar han bjørnekjøtet

Her hentar humoristen Ole Johannes Øvretveit 90 kilo bjørnekjøt.

- Eg har aldri ete bjørnekjøt før, men eg har høyrd det smakar noko midt imellom hjortekjøt og storfekjøt, seier Øvretveit, etter å ha henta 90 nykjøpte kilo bjørnekjøt.

Minna om griseflesk

Øvretveit syns dessutan det såg litt ut som griseflesk.

- Så dette er eg ikkje nervøs for, seier han.

Kjøtet han onsdag la ut over 50.000 kroner for, skal han bruka som ekstraservice til hausten.

- Eg skal bruka det til eit bryggekurs eg skal halda til hausten. Så kan dei som drikk øl, få bjørnekjøt attåt. Det må jo vera eit ordentleg mannemåltid, meiner Øvretveit.

Han lovar også å invitera jaktlaget på bjørnebiff.

Ingen bjørneerfaring

Øvretveit har ingen erfaring med bjørnekjøt.

- Nei, det har vel dei færraste. Men eg kjøper kvart år to eller tre heile hjorteslakt, så eg er ikkje framand for kjøtforedling. Dette er ikkje skremmande, seier han.

Bjørnen som vart skoten i Fjærland på søndag er den første i Sogn og Fjordane sidan 1956. I dag vart den seld til høgstbydande, les alt som auksjonen her: NRK-humorist kjøpte bjørnekjøtet