Hopp til innhold

Sjeik vil selje klede frå Stryn

Klede frå Stryn kan snart vere å få kjøpt i Dubai. Ein sjeik har nemleg vist interesse for klesmerket Moods of Norway.

Førebels er ideen om å etablere seg i Dubai berre på tankestadiet for karane bak Moods of Norway.

Men planen er å starte ein eigen butikk i eit kjøpesenter som skal opne neste år. Det er og aktuelt å utvide kolleksjonane med nye plagg for den arabiske marknaden.

Besøkte Dubai

Moods of Norway-karane er nettopp heimkomne frå Dubai der dei hadde samtalar med sjeiken.

Stefan Dalquist og Jan Egil Flo i Moods of Norway er positive etter møtet med sjeiken.

- Vi vart inviterte til Dubai av han for å sjå på området og kjøpesenteret, forklarar Flo.

- Ja, kva kom ut av turen?

- Vi vart samde om å arbeide vidare med å få til ein butikk i Dubai.

Sjeiken kjem til Stryn

- Kor fort kan dette verte aktuelt?

- Ja, det kjøpesenteret vi såg på skal opne om eitt års tid. Men først om to-tre månader er det klart om det verkeleg vert eit etablering. 

- Kor sikkert er dette?

- Det veit vi ikkje. Vi har ikkje kome så langt i forhandlingane, men det som er spennande er at denne personen har lyst å kome til Stryn. Det skal verte interessant å syne han norske tradisjonar og historien bak Moods of Norway, seier Dalquist.

- God champagne

- Og denne personen er altså ein sjeik som spanderte femstjerners hotellopphald på dykk. Korleis var det?

- Han spanderte veldig god champagne og vi hadde det veldig triveleg saman. Så får vi sjå kva som kjem ut av dette, fortel Dalquist.

- Det som han ser som Moods of Norways styrke er at kleda byggjer på norske tradisjonar. Han ønskjer å innføre noko heilt nytt som ikkje finst i Dubai frå før.