Ingen ny rovdyr-debatt

Neste gong ein bjørn drep sauer i Sogn og Fjordane blir nok også den skoten.
Publisert 17.06.2008 12:29.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Det er Stortinget som gjer vedtak om rovviltforvaltninga her i landet, seier Norvall Nøringset, leiar i rovviltnemnda i region ein som omfattar Vest-Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Denne regionen har den klart lågaste rovdyr-toleransen på landsplan, og slik ser det ut til å bli i overskueleg framtid.
Liten vilje på tinget
På Stortinget er det svært liten vilje til å diskutere nokon ny rovdyrpolitikk. På Sogn og Fjordane-benken er det berre Framstegspartiet og Åge Starheim som vil ha endringar i dagens praksis – og dei vil endå nærare ein nulltoleranse for rovdyr i Sogn og Fjordane.
- Vi har levert eit dokument 8-forslag om ein endå strengare praksis. Det var lett å få i gang debatten, men det kom ingenting ut av det, seier Starheim.
Solid forlik
Det er forliket Bondevik 2-regjeringa gjorde med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti i 2004 som danna grunnlaget for stortingsmeldinga ” Våre rovdyr i norsk natur”. Her vart det slege fast at det ikkje skal vere ynglande rovdyr i vestlandsregionen, at streifdyr skal tolererast men at beitedyr skal prioriterast. I praksis har det betydd at det har vorte gitt fellingsløyve på til dømes bjørn når den tek til å drepe sau.
- Rovdyrforliket står nok ved lag, seier Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet.
- Kva då med ei som håpar på større toleranse for rovdyr på Vestlandet?
- Dei får ikkje så veldig stort gehør hjå meg i alle fall. Eg meiner vi må ta utgangspunkt i skadane bjørnane gjer når dei går rundt.
- Slik at neste gong ein bjørn drep sau i Sogn og Fjordane blir også den skoten?
- Det går eg ut frå, seier Heggø.
(Artikkelen held fram under biletet)

Ikkje ein gong Venstre...
Ikkje ein gong Gunvald Ludvigsen frå miljøpartiet Venstre er særleg ivrig etter nokon ny rovdyrdebatt.
- Det går alltid an å ta ein diskusjon, men vi har eit breitt forlik i stortinget rundt rovdyrpolitikken og det har fungert ganske greitt, seier han.
Dei einaste partia som stod utanfor forliket frå 2004 var Framstegspartiet og Senterpartiet. Begge ville ha endå lågare toleranse for rovdyr, men Senterpartiet vil ikkje diskutere dette på nytt så lenge dei sit i regjering.
- Feil fylke
Med andre ord er bjørn og andre rovdyr sin einaste sjanse til å få vere i fred i vestlandsfylka at dei ikkje får ungar og at dei stort sett let sauene gå i fred.
- Men vi må hugs på at bjørnen kan ikkje lese så han kan ikkje forskriftene for kvar han skal bevege seg heller, seier ein lett lakonisk Nøringset.
- Bjørn som drep sauer heromkring må nok sjå i augo at han har drepe sau i feil fylke, seier Erling Sande i Senterpartiet.
Bjørn i Sogn og Fjordane
- Fellingslag klare til å rykkje ut
- - Ei naturleg utstopping av bjørnen
- Bøndene rasar mot utstoppa bjørn
- Bjørnejakt til 150.000 kroner
- - Nei Gud, fekk vi bjørneskinnet?
- Musea får bjørnefellen
- Redd for bjørne-fokus
- - Bøndene får i pose og sekk
- Ingen ny rovdyr-debatt
- Kjøtauksjon på bjørnen i morgon
- Kven betalar bjørnejakta?
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket