Bjørnen drap sauene

Statens Naturoppsyn er ikkje i tvil – det var bjørn som drap sauene som vart funne etter helga. I natt var det ny jakt.
Publisert 10.06.2008 10:22.
- Skriv ut
- Det er ingen tvil om at det var bjørn. Brystfeittet vart avskrapa og jura var etne på begge to, seier Einar Fortun i Statens Naturoppsyn.
Han undersøkte kadavera i Haukedalen måndag ettermiddag. For andre natta på rad var difor fellingslaget for Førde og Gaular ute og prøvde å finne bjørnen dei har fått løyve til å drepe, men også i natt var det nyttelaust.
Drepne natt til søndag
Fortun meiner sauene som sette i gang fellingsforsøket i Haukedalen vart drepne natt til søndag.
- Dei var ikkje gamle så eg tippar det skjedde då.
- Såg du bjørnespor i området?
- Eg såg ingen spor. Det var eit vanskeleg terreng å leite i med tett skog, seier Fortun.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket