Hopp til innhold

Fånyttes bjørnejakt i natt

Om lag 30 jegerar i sving etter funn av nye sauekadaver.

Jaktlaget klare for bjørnejakt i Sunnfjord.
Foto: Steinar Lote / NRK

Les og: Får lov til å drepe bjørnen

Det felles fellingslaget for Gaular og Førde som har fått løyve til å drepe ein bjørn sette i går kveld i gang ny jakt.

- Vi var så sikre på at dette var bjørn at vi sette i verk eit fellingsforsøk, seier fellingsleiar Finn Olav Myhren.

Sauekadaver i Haukedalen

Han fekk beskjed om at det var funne eit sauekadaver inst i Haukedalen ved 14-tida søndag. Fellingslaget vart samla, og utpå kvelden vart det plassert ut folk i Haukedalen, i Fjærland og i Stardalen i Jølster.

- Bjørn drap sau i Førde

Det vart ei lang natt på post utan særlege resultat.

- Vi fann ein daud sau til. Det var hunden me hadde med som fann den og der var det rimeleg fersk bjørnelukt.

- Fann de fotspor?

- Så vidt eg veit er det ikkje funne fotspor. Mykje av dette skjedde på den tida av døgeret det er mørkast. Det var i tett bjørkeskog i området så det var ikkje så enkelt, seier han.

Leitte med hundar

To hundar vart brukte i løpet av natta, og då den siste hadde søkt ferdig for natta gav fellingslaget opp.

- Dei som sat på post hadde vore der sidan klokka åtte-ni kvelden før så dei har gjort ein formidabel innsats. Vi hadde avtale om å begynne å gå ned til bilane i sjutida, fortel Myhren.

Fellingslaget kjem likevel til å ta opp att aktiviteten utpå dagen.

- Me held fram i fjellområda mellom Jølster og Fjærland og går ei runde i ettermiddag for sjå om bjørnen har flytta seg ut, seier han.

Statens Naturoppsyn sine folk vil reise til området i ettermiddag for å prøve å fastslå om sauene verkeleg er drepen av bjørn.