Hopp til innhold

Åge rocka i fellesfjøsen

Fredag kveld var det rock og ikkje kuraut som fyllte lokalet i den flunkande nye fellesfjøsen i Eid.

Det 1750 kvadratmeter store fjøsen på Haugen i Eid kommune vart gjort om til konsertlokale i samband med opninga.

Det var dei fem bøndene sjølve som kom med ideen om å lage rockekonsert, og i samarbeid med Malakoff Rockfestival fekk dei gruppene Åge og sambandet og Valkyrien Allstars til å komme.

Sjå bilete frå Fjøsrock

Mellom båsar og gjødselrenner

Dei 1200 billettane som var lagde ut for sal vart rivne vekk, og totalt var det mellom 1400-1500 personar i fellesfjøsen fredag kveld.

Publikum måtte finne seg til rette mellom båsar, gjødselrenner og drikkekar, men folk storkosa seg.

Fantastisk oppleving

Ein av initiativtakarane i Hjalma Samdrift, Sigurd Erlend Reksnes, er strålande nøgd med arrangementet.

- Det var ei fantastisk oppleving. Folk hadde det flott og vi har fått svært gode tilbakemeldingar, seier han.

- Åge i strålande humør

Også Åge Aleksandersen likte det spesielle konsertlokalet.

- Åge var i strålande humør og var overbegeistra. Han har spelt alle spelt alle tenkelege og utenkeleg stader før, men aldri i ein fjøs, fortel Reksnes.