Hopp til innhold

Sjuke av omorganisering

Omorganiseringa av NAV-kontora i Sogn og Fjordane har ført til sjukmeldingar, usikkerheit og høgt arbeidspress blant dei tilsette.

Tilsette på kontora som skal hjelpe folk ut i arbeidslivet etter sjukdom slit sjølve i jobbane sine.

- Kan ende i fiasko

Etter samanslåinga har dei fått nye arbeidsoppgåver som dei tidlegare ikkje har hatt kunnskap om. Samstundes opplever dei at det skortar på opplæringa. Dette har gjort at fleire tilsette har sjukmeldt seg.

Tillitsvald for Norsk tenestemannslag i NAV, Erling Mathisen, er uroa for at heile reformen kan verte ein fiasko om ikkje ting betrar seg straks.

- Det er ei veldig krevjande omstilling.

Torer ikkje snakke

NRK har snakka med tilsette som fortel om stor frustrasjon og ei kjensle av å ikkje lenger strekke til i jobben sin.

Dei føler at dette går ut over brukarane. Ingen av desse vil ta belastninga med å kritisere arbeidsgjevaren sin offentleg.

Mathisen meiner at mykje av problemet skuldast at dei skal løyse like mange oppgåver som før samstundes som dei skal lære seg mykje nytt. Han skuldar NAV for å ikkje setje inn nok ressursar.

- Vi tilsette meiner at reknestykket ikkje går opp.

- Vanleg med sjukmeldingar

Men direktør for NAV i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, seier at dei er rimeleg godt nøgde med gjennomføringa og at det er ganske vanleg at folk sjukmelder seg når det skjer endringar på arbeidsplassen.

- Det er ganske vanleg at enkelte går ut i sjukmelding. Dei vert sjølvsagt følgde opp.

Omorganiseringa skal vere ferdig i 2009.