Hopp til innhold

Får lov til å drepe bjørnen

Bøndene i Sunnfjord får drepe bjørnen – dersom dei klarer det.

Sauekadaver på Hetlestølen i Gaular.
Foto: MMS-foto: Arne Stubhaug / NRK

- Det vi no har bestemt er at vi kjem til å gje fellingsløyve for ein bjørn i det aktuelle området. Det skjer på bakgrunn av at det er funne fem drepne sauer og tre sauer som har vore så skadde at dei måtte avlivast i etterkant, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hjå fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

60 år sidan sist

Dei siste dagane er det funne fleire daude og sterkt skadde sauer ulike stader i Sunnfjord. Ekspertar har slått fast at ein eller fleire bjørnar står bak sauedrapa. Dei fleste sauene lir ofte mykje før dei endeleg blir tekne livet av. Andre sauer blir ikkje drepne av bjørnen, men blir gåande rundt i dagevis med omfattande skader. Ikkje sidan tidleg på 1950-talet er det felt bjørn i fylket vårt. Men nærare 60 år etter kan det altså skje igjen

- Ikkje risikofritt

- Dette er vanskeleg å få til i praksis. Det viktigaste er at det blir oppretta eit fellingslag som består av erfarne jegerar, og med ein kompetent jaktleiar som kan styre dette her. For det er ikkje noko enkel sak.

- Blir det farleg?

- Dette er ikkje risikofritt og ein kan fort kome bort i uforutsette situasjonar. Det farlegaste er ein skadeskoten bjørn, seier Mjelstad.

Avgrensa område

Regelverket er slik at at fellingsløyvet i første omgang blir avgrensa til berre delar av Sunnfjord, fortel Mjelstad.

- Poenget med det er at vi skal avgrense det i tid og rom. Men når vi først har gitt eit fellingsløyve er det ei enkel sak å utvide området om den skulle dukka opp utanfor, seier Mjelstad.