Hopp til innhold

Ikkje beitenekt i Sogn

Ikkje nok rovdyr til det, meiner Mattilsynet.

Sau beiter
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Vi kom fram til at situasjonen ikkje er så ulik den vi hadde fjor. Dermed bestemte vi oss for å sleppe dyra på beite slik vi gjorde då, seier regiondirektør Roald Vaage i Mattilsynet.

- Forsåvidt gledeleg

Bøndene i området har lenge frykta at dei ikkje skulle få sleppe sauene på sommarbeite i år fordi det har vore så mykje jerv i fjella. Difor er det gledeleg at Mattilsynet no har gitt grønt lys seier sauebonde Erling Offerdal han har likevel blanda kjensler for å sleppe dyra til fjells i år

- Det er klart det. Det er flott at me får dyra våre oppi beita , men det roar ikkje oss ikkje ned så voldsomt. Eg er klar over at det ville vore drastisk å gå til beitenekt, men når me veit at det er så mange dyr oppi der som burde vore uttekne er me framleis urolege, seier Offerdal.

25 prosent drepne

I området der Offerdal har sauene sine om sommaren var det enkelte som i fjor miste opp mot 25 prosent sauene dei slept på beite, og Offerdal er sikker på at det er jerven som er syndaren. Og blir sauetapa store nok i løpet av sommaren utelukkar ikkje Mattilsynet at dei då kan kome til å kreve tidleg sanking.

- Det avgjer situasjonen slik han utviklar seg utover sommaren og hausten, seier Vaage.

- Det har me no uansett gjort dei siste åra. Det er ikkje slik me ynskjer å ha det og det kan ikkje bli noko permanent ordning slik det har vore dei siste åra. Tidleg sanking må me berre ty til i prekære situasjonar, seier Offerdal.