Hopp til innhold

Fryktar beitenekt

For mykje rovdyr til at sauene kan sleppast.

Sau beiter
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Vi har alt for mykje rovdyr gåande i beiteområda vore no. Etter det eg veit om vårt område sør for Sognefjorden mot Årdal så har vi tre jervar gåande i eit relativt konsentrert område, seier sauebonde Erling Offerdal i Årdal.

- Alle har svikta oss

I dag skal det vere eit stor møte om rovdyrproblema i Sogndal. Dit kjem representantar frå både næringa og styresmaktene.Tidligare om åra har jerven gjort stort innhogg i saueflokkane på sommarbeite i fjellområda i Indre Sogn. Offerdal meiner dei har fått for få fellingsløyva og at løyva har blitt gitt alt for seint.

- Det er forferdeleg at dei har venta så lenge. Eg føler at dei fleste har svikta oss i denne situasjonen, seier han.

Misnøgd med direktoratet

På Stortinget har senterpartipolitikar Erling Sande full forståing for at sauebøndene kjenner seg svikta, han er ikkje fornøgd med måten Direktoratet for Naturforvaltning har handtert saka på.

- Eg tykkjer dei har handsama denne saka svært dårleg. Når dei visste at det var så mykje jerv i marka som dei gjorde lurer eg på kvifor dei utsette å gje løyve så lenge, seier Sande som no vil ta opp saka med miljøverndepartementet.

Stortinget har bestemt

- Vi kan ikkje ha desse rundane år etter år. Vi veit at i vårt område skal vi ikkje ha etablerte stammar av nokre av dei store rovdyra. Her er det beitedyra som har fyrsteretten, og då må direktoratet følgje opp det. Det er dette Stortinget har sagt, seier Sande.